— Eg fattar ikkje at det går an å tenkje på å leggje ned. Og på same tid snakkar dei også om å kutte i ambulansetenesta. Kan du forstå det?, spør tobarnsmora.

I fanget har ho ei 12 dagar gammal jente. Alt står vel til med både mor og barn. Nora, som den vesle skal heite, gleppar med auga og gjespar. Klare signal om at det er tid for ein strekk, lukkeleg uvitande om at ho blei født under dramatiske omstende.

Alt normalt

Andregongsfødande Hilde merka riene ut på kvelden 3. mars. I 22-tida var dei blitt så sterke at det var på tide å forlate heimen på Stårheim, og reise dei få kilometrane til sjukehuset på Nordfjordeid.

— Første fødselen min gjekk heilt etter oppskrifta. Også denne gongen såg alt ut til å bli normalt. Det var så normalt at eg hadde tenkt å prøve meg utan smertestillande, fortel ho.

Hilde og mannen hadde snakka om at det ville vere artig dersom den nyfødde fekk fødselsdag 03.03.03.

— Like etter klokka 23 hugsar eg at eg spøkte med jordmor om at det kunne framleis gå. Eg hadde nesten ein time på meg.

Men det skulle verken bli utan smertestillande eller fødsel 03.03. Ungen stod skeivt i fødselskanalen. Riene blei berre tettare og tettare, hardare og hardare. Smertene berre sterkare og sterkare.

Skalv på hendene

Etter at klokka hadde passert midnatt, hugsar Hilde lite.

— Eit minne har eg. Det var då jordmora fortalde at barnet hadde puls på 200. Ho hadde eit papir i neven. Eg hugsar kor ho skalv på hendene.

I full narkose blei Hilde trilla inn på operasjonssalen på Eid-sjukehuset. I all hast blei Nora tatt med keisarsnitt om natta 4. mars. Frå halv eitt til i sju-tida om morgonen då ho vakna på overvakinga, er det svart i minnet for Hilde.

— I ettertid fortalde dei at eg hadde hatt jenta inne hos meg i firetida. Det hugsar eg ikkje sjølv.

— Kor kritisk var det?

— Det er ikkje for meg å svare på. Men etterpå blei eg fortalt at pulsen på 200 skal vere det høgaste dei nokon gong har målt på ein unge her på sjukehuset.

Kva om?

I ettertid har tankane kverna mykje om det som hende. Kva om ho hadde vore nøydd til å bli frakta med luftambulanse til sjukehuset i Førde? Kva om vêret hadde vore så dårleg at helikopteret ikkje kunne kome ned? Kva om det hadde blitt halvannan time i ambulansebil?

— Eg veit ikkje om eg hadde makta det. Smertene var så sterke. Eg jobbar med tankane om det som kunne skjedd. Det sit i. Planlagde keisarsnitt er ein ting. Men det kan alltid skje noko uføresett, slik det gjorde med meg. Og kva med dei som har lengre reise enn meg? Enkelte stader i Nordfjord kan det ta nesten fire timar å kome til Førde.

Måndag kveld går Hilde i fakkeltog gjennom gatene på Nordfjordeid. I protest mot at fødeavdelinga kan bli lagt ned, og erstatta med ei fødestove der det ikkje vil vere legar som kan gjere akutte inngrep. Slik Hilde måtte gjennom.

— Det er ei sak eg berre blei engasjert i, anten eg ville det eller ei. Men det er ei god sak å kjempe for.

NORA OG HILDE: Eit drama med lukkeleg utgang. Men kva om?<br/>Foto: ØYSTEIN TORHEIM