Bergensaren Jørgen Eikjeland og stordabuen Oddvar Midtbø kjempar for ei gjenopning av ferjetrafikken mellom kommunane Stord og Ølen. Ferjesambandet Skjersholmane — Utbjoa vart lagt ned då Trekantsambandet opna.

— Trekantsambandet er greitt nok for dei som skal til Haugesund eller Stavanger, men folk som skal frå Stord til Bjoa, Ølen, Etne eller vidare austover får ein omveg rundt heile Haugalandet. Dette medfører 75 kilometer eller meir med omveg, medan ferjeturen berre tok ein halv time. Dessutan er ein heil del trafikantar redde for å køyra gjennom Bømlafjordtunnelen, meiner Jørgen Eikjeland.

Saman med Oddvar Midtbø har Eikjeland starta underskriftskampanje for gjenopning av ferja. Dei har til no fått inn over tusen underskrifter. Eikjeland fortel at hundrevis av folk henvender seg til Jennys kro på ferjekaien i Utbjoa med spørsmål om ferje til Skjersholmane. Pådrivarane har møtt lunken interesse hos fylkeskommunen. Administrasjonen avviste initiativet som urealistisk ved første førespurnad.

— Vi ser det slik at den avgjerda var basert på mistydingar. Difor har vi sendt nytt brev til fylkeskommunen der dei bed om at saka bli underlagt reell behandling av fylkeskommunen. Dette har vi enno ikkje fått svar på, fortel Eikjeland.