Venstre-politikar Gunn Vivian Eide karakteriserer seg sjølv som eit «halvvegs motvillig» kyrkjemedlem, og er motstandar av statskyrkjeordninga.

– Men så lenge vi vi har ei statskyrkje, føker eg at eg høyrer heime der, seier ho.

Provosert til å engasjere seg

Eide har starta Facebook-gruppe og bloggstafett for å liberale representantar inn i Bjørgvin bispedømeråd for å påverke tilsetjingspolitikken i Kyrkja.

Ho oppfordrar medlemmar til å stemme på dei kandidatane som er opne for la homofile prestar jobbe i Kyrkja, og har lagt BTs veljarguide til kyrkjevalet til grunn for si rangering.

– Eg føler at Kyrkja har svikta sitt ansvar for å informere om representantane, så denne BT-guiden var ei gåve frå himmelen!

Også BT-artikkelen om kateketen på Ostereidet som mista jobben på grunn av sitt liberale syn på homofilt samliv, provosert Eide til å engasjere seg i kyrkjevalkampen.

– Eg kan ikkje sitje å sjå på at slikt skjer. Det er kjempeviktig at liberale medlemmar brukar stemmeretten sin for å få inn representantar for ei moderne og framtidsretta tolking av bodskapen i Bibelen, seier Eide, og legg til:

– Som medlem er eg indirekte arbeidsgjevar for prestane i Kyrkja. Ved å la vere å stemme blir eg medskuldig i tilsetjingspolitikken.

Indirekte valkamp

– Nesten ingen kandidatar driv valkamp sjølve. Føler du som aktiv politikar at du har eit ansvar for å få folk til å engasjere seg i kyrkjevalet?

– Dette gjer eg som medlem i statskyrkja. Men vi som er partipolitikarar har tradisjon for å drive valkamp og engasjere. Det har dei ikkje i Kyrkja, svarar Eide.

– Kyrkjevalet handlar om demokrati, og homofile sine rettar har vore ei politisk kampsak for meg i mange år. Sidan eg er aktiv i den politiske valkampen, har eg også mange kanalar eg kan bruke, og det gjer det lettare for meg å ta initiativ.

Typisk for denne valkampen er at svært få av kandidatane har drive valkamp sjølve. I staden er det grupperingar som driv valkamp på vegne av eigne kampsaker.

Ulla Schmidt, forskar ved Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO) seier dette er ein atypisk valsituasjon i den grad det er rimeleg å samanlikne med politisk valkamp.

— Kandidatane er i liten grad sjølv ute og profilerer seg. Andrehandsinformasjonen som kjem fram gjennom dei ulike aksjonane er tydelegare enn kandidatane sjølve, seier Schmidt.