— Over halvparten av dei som eg har vore i lag med sidan 16-årsalderen, er døde i dag. Dei var verkeleg fine menneske, men mista livet fordi dei vart avhengige av feil stoff, seier Kristian Soltvedt.

39-åringen frå Stord brukte sjølv heroin over mange år. Torsdag arrangerer han fakkeltog for sprøyterom i Bergen. Soltvedt ser det som si plikt.

— Eg gjer dette for at dei ikkje skulle døy fåfengd/fåfengt, og for at andre som er tungt avhengige av heroin skal få leve eit så bra liv som mogleg.

To overdosar

Sjølv sette Soltvedt si første amfetaminsprøyte som 17-18-åring. Nokre år seinare debuterte han med heroin.

— Eg skjønte straks kva avhengigheit er. Heroin er eit utruleg sterkt stoff som dei færraste klarar å kutte ut, seier Soltvedt.

I åra som kom brukte han heroin i lengre periodar og overlevde to overdosar. Sidan 2001 har han gått i LAR-behandling.

— Dei første åra var tøffe. Litt etter litt er kvardagen blitt normalisert igjen.

Frå parken i tog

Soltvedt har alliert seg med fleire bergenspolitikarar før fakkeltoget i morgon, mellom andre Marte Mjøs Persen (Ap), Oddny Miljeteig (SV) og Erlend Horn (V).

Initiativtakaren forventar også at fleire frå rusmiljøet i Nygårdsparken kjem til å stille opp klokka 17 på Torgallmenningen.

— Det kan vere mange grunnar til at menneske blir avhengige av heroin. Det kan vere på grunn av sjølvmedisinering, overgrep i barndomen eller ubehandla ADHD-diagnose. Det betyr ikkje at dette er skumle eller farlege personar, seier Soltvedt.

- Ein lettare kvardag

For Soltvedt handlar kampen for sprøyterom om å hjelpe dei som er tungt avhengige av heroin og om å hindre nyrekruttering.

— Det betyr ikkje å oppfordre til meir bruk av narkotiske stoff, men å gi narkomane ein lettare kvardag og eit betre medisinsk tilbod, seier Soltvedt.

- Korleis kan sprøyterom forhindre nyrekruttering?

— For ein god del tenåringar blir det langt mindre attraktivt og spennande å bruke heroin, dersom ein må stå i pasientkø først.