ØRJAN DEISZ (foto)

— Eg vil sigra i denne saka. No håpar eg berre ordføraren bryr seg, seier Caspar.

Sidan han var 15 år har han vore på kjøret. No sit 22-åringen og varmar seg på ein kopp kaffi i Varmestova på kaien på Leirvik. Amfetaminrusen held han gåande. Han er vaken for fjerde døger på rad.

Varmestova som opna i fjor vår har blitt fristad for den huslause ungdomen. Saman med 20-30 andre tunge rusmisbrukarar på Leirvik, kjem han dagleg for ein kopp kaffi, eit smørbrød og ein plass å vera.

Fleire menneske sit og pratar ved borda. Stearinlys brenn. Ein kristen rockekonsert fyller rommet med musikk. Det er varm kaffi på kanna.

— Varmestova betyr veldig mykje for oss. Me slepp å stå ute og frysa, slepp å henga ved Rådhuset eller på senteret, slepp å bli jaga frå stad til stad, seier Caspar.

- 24 timars pes

Responsen på underskriftskampanjen har vore enorm. Over 2500 signaturar representerer halvparten som er busett i Leirvik-området. For Caspar har det vore ei spesiell erfaring.

— Folk og butikktilsette har sett på meg med velvilje. Ei gammal dame ville til og med gje meg 500 kroner til Varmestova. Eg måtte be ho gje dei direkte til Varmestova. Eg ville ikkje risikera at pengane gjekk til rus i staden, fortel Caspar.

Kvar dag er ein kamp for den unge stordabuen. Amfetaminen kan halda han vaken ei veke i strekk. Etterpå må han sova. Då får ingen kontakt med han på åtte til ti dagar.

— Det er eit 24 timars pes, sukkar han.

Ein kar i 40-åra kjem bort til Caspar og gir han ein god klem.

— Han har gjort ein kjempejobb. Eg er stolt av han, seier Arvid Horneland. Han er bekymra for framtida til mange av dei unge rusmisbrukarane dersom Varmestova må stenga dørene.

— Eg har gått ute og frose på denne øya i mange år. Eg er Stords eldste rusmisbrukar. No er eg redd for dei unge.

- Gir eit rolegare miljø

I førre veke løyvde Komité for levekår i Stord kommune 60.000 kroner til husleige, men det er ikkje nok. Stifelsen Barmhjertighetsbussen som driv Varmestova treng 350.000 kroner til ei fast stilling.

— 1. mars kan eg velja å gå tilbake til jobben som røyrleggjar på Aker Kværner Stord. Utan støtte frå kommunen er valet greitt, seier dagleg leiar på Varmestova, Willy Ersland.

10-12 friviljuge hjelpar til med den daglege drifta. Stiftinga treng 650.000 kroner årleg for å driva tilbodet til rusmisbrukarane. Både firma og privatpersonar har så langt gjeve kjærkomne pengegåver gjennom ei kronerulling.

— Strengt tatt burde kommunen ha finansiert tilbodet. Dei får mykje att ved at bymiljøet blir rolegare, seier Ersland.

-Vil rusa seg meir

Det stadfestar SLT-koordinator Terje Eriksen i Stord kommune.

— Tiltak som Varmestova verkar førebyggjande og dempande på kriminalitet og vald. Tek ein tiltaket vekk, får rusmisbrukarane ein dårlegare kvardag. Dei vil rusa seg meir på dagtid og vil ikkje ha nokon stad å gjera av seg, seier Eriksen.

Han meiner det er eit sterkt signal at det er dei mest utslitne rusmisbrukarane som no går i bresjen for Varmestova.

Berre i 2006 skal Stord kommune spara 12 millionar kroner samanlikna med budsjettet for 2005.

— For Stord kommune er veldig vanskeleg å gå inn på nye tiltak no. Me slit med å få balanse på det som allereie er i gang, seier Tore Tveit, einingsleiar for Helse- og sosial.

Søknaden om tilskot til drift av Varmestova blir avgjort i Komité for levekår 21. mars. Blir det eit avslag, veit Caspar Hartløy kva han skal gjera.

— Då køyrer eg i gang ein ny underskriftskampanje.