Styret i det statlege Helse Fonna vedtok i februar å flytte den akuttmedisinske naudtelefonen så snart det er teknisk råd.

AMK-operatørarne og intensivsjukepleiarane Ragnhild Nonås Fylkesnes og Knut Petter Thoresen har no sendt eit seks siders brev til leiinga ved AMK Stord der dei argumenterer imot vedtaket. Dei to meiner både Stord, Fitjar, Bømlo, Kvinnherad og Tysnes vil få svekka 113-beredskap dersom flyttinga blir sett ut i livet, og skriv at dei har både lokale legar og ambulansefolk med seg i dette synet. Også formannskapet på Stord er uroa over flyttinga.

Ordførar Magne Rommetveit sende i går brev til Helse Fonna der han ber om å få ei orientering om bakgrunnen for vedtaket. «Når denne type endring er på gang ser me det som viktig at Stord kommune vert informert i prosessen og at me kan vera høyringsinstans», skriv Rommetveit, som har fått mange reaksjonar frå stordabuar som er skeptiske til flyttinga.