Det er trong for nye vakre stader å leggja til kai, og det er her Stord kommune vil melda Leirvik hamn på i det gode cruise-selskap. Eit prosjektarbeid er kome igang for å finna kva ambisjonar som vil høva best for Leirvik. Valet står mellom "Tilfeldige anløp" (dagens ordning), "Moderat satsing" eller "Stor(d)sating".

SNU AS er engasjert i førebuinga. Komite for næring, miljø og kultur er fagkomité for hamna, og fekk på siste møtet informasjon om det pågåande arbeidet. Konsulent Martin Dahle opplyste at det det vil bli nærare drøftingar med Samarbeidsrådet for Sunnhordland — som igjen har samarbeid med Hardangerrådet kring framtidig satsing på cruiseturistar. Stord og Leirvik si lune hamn, ligg i den samanheng særs høvande fil i ruta for passasjerbåtar som vil ha ein stopp før eller etter besøket inne i fjorden.

- God start

Skal ein over nivået "Tilfeldige anløp" må det leggjast tilrette for unike tilbod og opplevingar til gjestene. Nattrutekaien kan ta imot båtar med 200 meters lengde og tryggleiksopplegg i tråd med internasjonalt regelverk er godkjent.

DEBATT: Kva bør travle cruiseturistar få oppleva på land?

— Me får cruisebesøk alt i sommar, ikkje av dei største rett nok, men "Hebridean Princess" kan vera ein god start for Leirvik cruisedestinasjon, meinte hamnesjef Arvid Sandnes. Den eksklusive briten har med seg 50 passasjerar når han kjem frå Hardanger 28. juli og går vidare til Lysøen neste dag, etter kvild ved Nattrutekaien.

"Hebridean Princess" cruisar til kai i Leirvik i juli.