To eldre personar som sat i den siste bilen, klaga på smerter i brystet og vart sende til sjukehus i Førde med luftambulanse.

Bilen med dei eldre personane køyrde i bilen framfor seg, og kjedekollisjonen forplanta seg til den første bilen, som hadde stoppa for ein møtande bil med campingvogn.

Det var to personar i kvar av dei andre bilane. Alle var uskadde, men vart sende til lege i Stryn for rutinekontroll.

Det vert meldt om 300 bilar som stod i kø medan det vart rydda opp i ulukka.

Trafikken var ekstra stor sidan ferjesambandet Lote-Anda var stengt. Strekninga mellom Olden og Innvik er svært kronglete, og svært trafikkert, særleg sommarstid.

Lokalmiljøet kjempar ein hard og førebels resultatlaus kamp for å få pengar til utbetring.

Dette var andre ulukka på tre dagar. Fredag vart ein svensk motorsykkelførar send til sjukehuset på Eid med beinbrot etter samanstøyt med ein annan motorsykkel.