STEINAR HYSTAD

Det betyr regulert matstell på menneskeleg vis med servering av tåteflaksemjølk til faste tider. Noko einsamt kan det bli for alenelamma, men ikkje for Lambi på Huglo sør i Langenuen. Lammet får stell og omtanken så det held, frå både to— og fire-fotarar. I same innhegning som Lambi spelar seg, går nemleg kalvane 0411 og 0412 (står så på det gule skiltet i øyra).

Så kosselege tilstandar er det blitt, at det må vera lov å skriva om den kjærlege utsegna om kjærleik ved første blikk, til «Kjærleik ved første bræk». Det måtte bli den vegen, sidan det er den ullkledde som driv aktiv og undersøkjande verksemd og gjev mest lyd frå seg. Stadig på utkikk etter ein naturleg patt som han instinktivt veit skal vera akter på ein litt større skapning enn han sjølv.

Kalvane er tolmodige med Lambi. Asar ikkje om lammet vraltar mellom føtene deira. Nokre goder har dei då også sjølve av samværet med veslesauen. Ei kvild på madrass av herleg turrhøy i Lambi-hus er verd å ta med seg eit par gonger for dagen.

Godt med ei kvild i Lambihus etter inntak av morgonmjølka.

PATT: - Skulle det ikkje vore ein patt i dette området, undrar Lambi.<br/>Foto: STEINAR HYSTAD
GODE VENER: Godt forhold mellom lam og kalv i innhegninga på Huglo.