— Her har eg funne meg vel til rette, seier Trond Vegard. Det same gjeld Karianne. Kristiansand-jenta kan ikkje tenkja seg å flytta frå denne Sunnhordlands-idyllen, endå om ho kjem frå det som av mange blir rekna som sjølve nasjonalidyllen i Noreg sommarstid.

Trond Vegard er dagpendlar til Aker Stord. Sambandet korresponderer med arbeidstida. Frå Fjelberg klokka seks om morgonen, på jobb til sju, attende når skiftet sluttar klokka tre på ettermiddagen.

— Klokka ti på fem er vi heilt isolerte her inne, då sluttar skyssbåten å gå, fortel Trond Vegard, som likevel har nok å henga fingrane i. Han er avløysar for ein kamerat på Fjelberg, med ansvar for 23 stutar og ein del kalvar. Dessutan vart han innvald i alle lokale nemnder som tenkjast kan med det same han sette sine bein på kaien.

Her kan du besøke BT-båten

øivind christensen