Gratulerer! Om ikkje lenge er det kommune— og fylkestingsval, og for første gong har du moglegheit til å vera med å påverke dette valet.

Eg hugsar først gong eg skulle stemme. Eg var ganske usikker på kva eg skulle stemme og eg var redd for å ”stemme feil”, men eg fann til slutt ut at det viktigaste var at eg faktisk nytta stemmeretten min.

Det er ikkje alltid lett å finne ut av kva dei politiske partia verkeleg meiner. Kanskje gjer tv-debattar deg berre enda meir forvirra. Det er difor viktig at ein klarar å skilje ut kva dei ulike politiske partia verkeleg meiner. Då må ein sjå på kva som ”ligg bak” dei ulike partia, og sjå på ideologien. Hjå nokre parti kjem ikkje ideologien så klart fram, og andre har eigentleg ingen ideologi. Dersom du kan litt om dei ulike partia sin ideologi, er det lettare å skjøne kvifor dei vel å handle som dei gjer. Dette var det viktigaste for meg då eg fann ”mitt parti”. Eg fann ut at det var Venstre sin ideologi som stemte best overeins med mine meiningar og haldningar.

Du kan sjølvsagt aldri vera 100% einig med eitt parti, det trur eg nesten ingen er. Det viktigaste er då at du tenkjer over kva som verkeleg betyr noko for deg, kva haldningar du har til ulike ting, og kva saker som er viktige for deg.

Eg er til dømes ikkje interessert i at staten skal styre mitt liv, eg meiner at det er eg som må ha fridomen til å ta dei vala eg vil. Liberalismen handlar om kvart enkelt menneske sin fridom, uansett kva bakgrunn ein måtte ha. Eg tykkjer til dømes det må vera opp til kvar enkelt elev å velje kva vidaregåande skule dei vil gå på. I tillegg er det kommunale sjølvstyret svært viktig for meg. Vi treng lokaldemokratiet, for det seier seg sjølv at staten ikkje kan ta viktige avgjersler som gjeld lokale tilhøve i dei mange små og store kommunane rundt om kring i fylket, og landet, for øvrig.

Det er mange grunnar til at eg valde Venstre, men nokon av dei viktigaste er desse: Venstre vil ikkje gi ”litt til alle” men prioritere dei som faktisk treng det. Dersom du gir alle likt, hjelper du eigentleg ingen. Og det er mange menneske i Noreg som verkeleg treng å verte prioritert. I tillegg er Venstre det verkelege miljøpartiet. Vestre har alltid satsa på miljø, og gjer det ikkje fordi det plutseleg er blitt populært. Stemmer du Venstre, er du garantert å stemme på eit parti som verkeleg prioriterer miljøet. I tillegg er det å ha ein god skule, svært viktig for meg. Venstre vil satse på å få gode lærarar. Vi tilbringe tross alt mykje av livet vårt på skulen, og det er viktig at dei har den kunnskapen og kompetansen dei treng for å kunne gi oss eit godt grunnlag for framtida.

Heilt til slutt vil eg berre ynskje deg lykke til. Det er ikkje lett å ta eit slikt val, men det er svært viktig at du gjer det. Eg håpar sjølvsagt du vil stemme Venstre, men det viktigaste er tross alt at du faktisk vel å nytte deg av stemmeretten din.

Lykke til!

Janne Sørum, ungdomskandidat

Leiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre