Pasienten kom til Førde sentralsjukehus med sterke smerter i venstre hand. Ved ortopedisk avdeling konkluderte dei — korrekt nok, ifølgje fylkeslegen - med at tilstanden kunne behandlast ved å fjerne eit lite bein i handa.

Men kirurgen fjerna feil bein.

Manglet kvalifikasjonar

«Dette er svært beklagelig. Forholdene er små i håndrota med åtte ben som ligger tett. Pasienten får nå videre oppfølging, og det er planlagt en avstivingsoperasjon av håndleddet ved Haukeland Universitetssykehus, som vanligvis fører til akseptable forhold», skriv avdelingsoverlegen i si utgreiing av saka.

I ettertid viste det seg også at ortopeden som utførte operasjonen ikkje hadde naudsynte kvalifikasjonar innan handkirurgi.

Fylkeslege Petter Øgar legg til grunn at det var indikasjon for å utføre den aktuelle operasjonen, men at operasjonen vart feil utført.

Ingen formell reaksjon

— Overlege NN vedgår at han ikkje hadde dei naudsynte faglege kvalifikasjonar til å utføre operasjonen, og beklagar dette, skriv fylkeslegen, og seier seg samd i vurderinga.

Vidare viser fylkeslegen til at saka er ei eingongshending, og at kirurgen har forstått at han burde ha handla annleis. Dermed blir saka avslutta utan nokon formell reaksjon mot kirurgen.

Helse Førde tek derimot sterk kritikk for manglande internkontroll, i det fylkeslegen meiner at føretaket ikkje har sikra at ortopedane har dei nødvendige faglege kvalifikasjonane.

Auka fare

— Dette inneber ein auka fare for feilbehandling av pasientar, og er ikkje i samsvar med kravet til forsvarleg verksemd i spesialhelsetenestelova, skriv fylkeslegen. Han konkluderer med at internkontrollen i Helse Førde ikkje godt nok sikrar at ortopedar berre vert sett til å utføre operasjonar dei faktisk er kompetente til å utføre.

Øgar meiner at saka kan avsluttast med dette, og finn det ikkje teneleg å sende saka vidare til helsetilsynet sentralt.