TERJE ULVEDAL

Folk kjem frå Bergen og Breim, Florø og Førde, Hyllestad og Høyanger. Til Bulandet vest i havet for å få behandla ryggane sine.

— Det går godt an å drive praksis som kiropraktor på ein stad som Bulandet. Men eg har sjølvsagt ikkje slike ambisjonar som då eg starta eigen klinikk i Bergen, seier Siri Solberg.

Ho tok spranget først på 90-talet. Først som vekependlar i to år. Så - i 1994 selde Siri Solberg sin eigen praksis, flytta permanent og opna kiropraktorklinikk i øysamfunnet som då talde drygt 200 sjeler.

— Det var ein gammal idé. Eg gjekk på gymnaset på Eid, og fekk ei venninne frå Bulandet som eg var med heim. Eg blei så fascinert av landskapet.

Kultur og natur

Siri Solberg behandlar pasientane med tradisjonelle kiropraktorgrep, men også med kultur, natur, fred og ro.

— Psyken og fysikken heng saman, proklamerer «ryggdoktoren».

Venterommet brukar ho til kunstutstillingar. Denne våren heng måleria til bergensaren Olav Jacobsen på veggene. I utstillingsmontrar står arbeid av den lokale keramikaren Dina Norheim. Og frå bokhylla kan du plukke fram Inger Hagerups samla dikt, «Skagens malere» eller Jan Sschwarzotts «Under Storen».

— I vårt rastlause samfunn gjer kunst noko med menneska, sinnet blir løfta. Og så påverkar naturen, stilla her ute. I Bergen kom pasientane springande frå jobb og sprang tilbake til jobb. Når folk kjem til Bulandet, veit dei at dagen går. Nokre må overnatte. Det blir mindre stress, eit avbrekk der dei får tid til seg sjølv.

Siri Solberg meiner ho kan måle resultatet av kultur og natur direkte av i behandlingstid.

— I gjennomsnitt treng eg færre behandlingar på klientane her, enn det eg gjorde i Bergen.

Greidde ikkje sitje

Ivar Hetle skal på benken. Han har køyrt nesten i to timar frå Gloppen til Askvoll, sete ein time på ferja til Værlandet og køyrt nyvegen over seks bruer til Bulandet. No ventar kveldsbehandling av den vonde ryggen, overnatting i rorbu og ny time neste morgon før han set seg i bilen og køyrer heim.

Etter ei trafikkulukke for snart 20 år sidan, har bilseljaren med eige firma i Breim slite med ryggen. I fjor sommar blei det skikkeleg gale.

— Eg greidde verken å sitje eller stå i ro. Og så blei eg svimmel. Det var meir enn ein gong at eg heldt på å gå i bakken medan eg snakka med kundar, fortel Hetle.

Han bestemte seg for å gjere alt for å bli så bra som mogeleg så raskt som råd. Han kunne valt å gå til behandling i Eid eller Førde, men fekk tips om at av alle stader så var det ein kiropraktor på Bulandet med godt ord på seg. Det resulterte i første overnattingsturen i fjor haust. Seinare har det blitt bulandsferder med ein dryg månads mellomrom. Og fleire skal det bli, for dette har hjelpt.

— Første gongen var utruleg merkeleg. Siri sa ho hadde opna ein del kanalar, og at eg ville kjenne det. Og det gjorde eg verkeleg, det var vibrasjonar i heile kroppen.

Skipper på eiga skute

Kiropraktoren i havgapet meiner det norske helsevesenet er for passivt. Over ein kaffikopp mellom kunsten på venterommet og utsyn til eitt av hundrevis tronge sund i øyriket, snakkar ho seg varm om at helsevesenet må bruke pasientens ressursar i større grad. Folk må inspirerast til å ta tak i eigne problem:

— Greier vi ikkje det, vil helsestellet ruinere oss. Det var ei tid då piller skulle hjelpe mot alt. Heldigvis er det i ferd med å snu. Helsevesenet kan ikkje fikse alt. Pasienten må bli skipper på eiga skute.

Siri Solberg meiner halvparten av behandlinga av rygglidingar ligg på informasjon. Om sitje- og arbeidsstillingar, om trening og mosjon. Ting klienten sjølv må gjere noko med.

— Svært mange av belastningsskadane folk får, skuldast livsstil, seier Solberg, og får støtte av pasienten frå Breim:

— For meg har det vore å tilpasse livssituasjonen etter kroppen, nikkar han, og fortel at han kutta jobben fullstendig då ryggen var på sitt mest vrange i fjor. No er han tilbake i full vigør.

Turistar og fiskarar

Som kiropraktor vest i havet blir det mange historier og anekdotar. Som turisten frå Askøy som fekk akutt ryggplager då ho steig i landet på kaia, for deretter å oppdage at det var ein kiropraktor ein liten spasertur unna. Eller om fiskeskipperar som ringjer på veg inn frå feltet, og lurer på om dei kan komme til ein gong dei par timane det tek å losse.

— For å drive som kiropraktor her ute må du vere fleksibel, seier Siri Solberg.

Av og til kjennest det som ho er like mykje i reiselivsbransjen. For å få folk til Bulandet kan vere eit puslespel. Før var det å samle ein gjeng på båten og hente dei på kaia. No, etter at vegen kom mellom Værlandet og Bulandet, blir det å gjere det same med ferja og bussen.

— Eg brukar å seie at første gongen dei kjem ut her kan dei køyre sjølv. Men etterpå må dei ta bussen. Vi må jo støtte opp om det vi har av tilbod.

FRÅ BREIM TIL BULANDET: Ivar Hetle har reist i tre timar for å komme til kiropraktor. No ventar to behandlingar og overnatting i rorbu. - Å komme til Bulandet blir eit avbrekk. Folk får tid til seg sjølv, seier Siri Solberg.<p/>FOTO: TERJE ULVEDAL