Telefon, chat, e-post. Pågangen hos Kirkens SOS er stor heile året, men toppar seg ved juletider. Men ikkje alle får svar, når dei slår nummeret til krisetelefonen.

På vesle julaftan kom berre 365 personar gjennom, eller 35 prosent, av alle som ringde. Dette er den lågaste svarprosenten så langt i 2012.

— Men vi veit ikkje kor mange som prøvde igjen og fekk svar seinare, understrekar nestleiar Karl Dag Bærug ved Kirkens SOS i Bjørgvin.

Tøft å vere aleinepappa

Nokon har hengt eit par englevengjer på kontorstolen til Tone Birkeland. Tredje juledag har ho telefonvakt på bergenskontoret til Kirkens SOS i Bjørgvin. Fire timar ut i vakta kan ho notere sju samtalar og ein del e-postar, nesten alle frå menn. Ein ringde frå ei oljeplattform. Andre fortalde om konkrete sjølvmordsplanar.

— Menn som er aleine, manglar ofte nettverk, og er meir utsette enn kvinner i same situasjon, seier Birkeland.

Ein del som har det bra i kvardagen, kan ha det litt tøffare i jula. Karl Dag Bærug, Kirkens SOS

Aleinefedrar ringjer Kirkens SOS heile året. Jula kan vere tung å kome seg gjennom, når det er mor sin tur til å ha ungane. Men også mange som feirar familiejul kan ha behov for å snakke med ein utanforståande, når jula ikkje blir slik ein hadde håpa.

— Ein del som har det bra i kvardagen, kan ha det litt tøffare i jula. For mange er det krevjande å vere tett på kvarandre i jula, særleg dersom noko er usagt. Mange kvir seg for å forstyrre idyllen og tore å snakke sant, når alt er lagt opp til at ein skal ha det så hyggjeleg. Då er det ofte lettare å ringje og snakke med nokon ein ikkje kjenner, seier Bærug.

- Aldri rutine

Kvar 12. dag dei siste åtte åra har Tone Birkeland hatt telefonvakt hos Kirkens SOS. Felles for mange av dei som slår nummeret til krisetelefonen, er at dei strevar med angst, depresjon og einsemd.

— Alle fortel kor viktig det er å bety noko for andre. Av same grunn jobbar eg her som frivillig. Kvar gong telefonen ringjer, tenkjer eg: Kven skal eg møte no? Det blir aldri rutine, seier Birkeland, som til vanleg jobbar som førsteamanuensis på lærarutdanninga ved Høgskulen i Bergen.

Nokre samtalar er korte. Andre blir lange og handlar om tunge og vanskelege ting. Det er slike samtalar som får Birkeland til å halde fram som frivillig, år etter år.

— Desse gode samtalane får meg til å oppleve at det er i vits i å sitje her. Dei held motoren i gang, fortel ho.

Ein siste salme

Særleg mellom klokka 22.00 og 02.00 er det travelt på krisetelefonen til Kirkens SOS. Innsatsen til Birkeland og dei 150 andre frivillige i Bergen og Førde er avgjerande og utgjer over åtte årsverk. Likevel er det ikkje mange nok til å klare å svare alle som ringjer.

— Ideelt sett skulle vi gjerne hatt endå fleire på vakt. Skal vi klare å svare alle, treng vi 75 frivillige til, seier Bærug.

Av alle samtalane Tone Birkeland har hatt med ukjende menneske som vakt på krisetelefonen, er det særleg ein ho hugsar godt.

— Ein mann ringde og sa at han ville ta livet sitt, og fortalde også på kva måte. Eg prøvde sjølvsagt å få han til å tenkje i andre banar, men det var ikkje det han var ute etter. Han ville snakke med eit menneske før han gjorde det han hadde planlagt, og så ville han at vi skulle syngje ein salme saman. Det gjorde vi. Eg gløymer det aldri.