KARI PEDERSEN

— Vi kjenner oss forferdeleg skuffa og haldne for narr, seier ordførar Solfrid Borge (Sp) i Ullensvang.

Flagget gjekk til topps og sola strålte på indre Hardanger då regjeringa for to år sidan gjekk inn for å plassere det nasjonale pantebokarkivet i Ullensvang herad. Ordføraren den gongen jubla for 20 arbeidsplassar, og drøymde om 60.

I juni 2002 stadfesta Stortinget lokaliseringa. Sidan har Ullensvang budd seg på etableringa. I oktober bad Statsbygg om prisar på nybygget.

Sjokkmelding

— Då kom sjokkmeldinga frå Justisdepartementet, fortel Borge. Det vert ikkje noko pantebokarkiv i Kinsarvik. I staden skal Ullensvang få eit servicesenter for tinglysinga, med 13-14 arbeidsplassar.

Forklaringa ordføraren fekk i Justisdepartementet var at den teknologiske utviklinga har gått så fort, at arkivet som vart vedteke for to år sidan, vil vere fullt digitalisert om 10 år.

Difor skal hovudkontoret til Statens kartverk på Hønefoss få hand om arkivet så lenge det er bruk for det. Det same Statens kartverk som for to år sidan konkurrerte med Ullensvang. Kva som skjer den dagen tinglysinga av fast eigedom er fullt digitalisert, veit ikkje Borge. Hennar forgjengar, Einar Lutro, drøymde om at digitaliseringa skulle gje 60 arbeidsplassar i Kinsarvik.

Ikkje nybygg?

— Kvifor er du skuffa når regjeringa trass alt vil gje Ullensvang eit servicekontor med 13-14 arbeidsplassar?

— Vi veit så lite om kva servicekontoret er og om kontoret gjev kompetansearbeidsplassar slik som pantebokarkivet. Heller ikkje veit vi om det vert noko statens hus i Kinsarvik, seier Solfrid Borge og legg til:

— Samstundes er vi sjølvsagt positive til å få servicekontoret, og vil vere med og utvikle desse arbeidsplassane.

I dag vil justiskomiteen på Stortinget avgi innstilling i saka. 2. desember skal den handsamast i plenum. Den dagen reiser ordføraren frå Ullensvang til Oslo for å høyre kva løfte som kjem frå stortingspolitikarane denne gongen.