— Konsesjonssøknaden er no sendt til NVE, og vi vonar det beste, seier Arnstein Bjørke.

Bokforleggaren i Bergen eig Holmen kraft saman med fetteren Sigmund, dagleg leiar av Voss Cementvarefabrikk. «Cementen» har vore involvert i utvinning av den kvite bergarten anortositt i Nærøydalen.

Kinderegget blir å finna i den kjende fjellformasjonen Jordalsnuten. I staden for å vinna ut stein i tilfeldig mønster, vil dei sprengja tunnel i bilvegdimensjon, med plass til vassrøyr ned til kraftstasjon. Vegen og røyra skal gå frå dalbotnen og i spiral oppover.

— Vi får to rundar med 360 grader, fortel Bjørke.

Frå øvre tunnelmunning skal vegen gå på toppen av ein inntaksdemning over Jordalselva. Deretter går det strake vegen til tuns. Dagens rasfarlege veg langs gjelet kan kuttast ut. Det må vera dette gjelet Per Sivle refererer til i forteljinga «Berre ein hund», om engelskmannen som prøver å klatra opp i Drakehola i Jordalsnuten.

Også grendefolket i Jordalen kryssar fingrane for kraftverket. Trond Olav Neteland meiner vanskane med naboskapet til UNESCO-området skal vera rydda av vegen, og den nye ordninga ned grøne sertifikat er til gagn for prosjektet. Bøygen er kraftline til å få straumen ut.

Alternativa er via kabel i Gudvangatunnelen mot Aurland, eller i luft vestover i Voss kommune.

Sunde, Helge