— Klar, ferdig, gå!

Idunn Flood (Iran), Lillian Paulsen (Kina) og Nina Odberg (Saudi Arabia) startar samtidig, men Kina rykkar raskt ifrå. Snart har Kina passert målstreken. Saudi Arabia har knapt kome halvvegs.

Amnesty si studentgruppe i Bergen har OL-løp i surt regn på Festplassen. Publikumsinteressa er beskjeden, men innsatsviljen stor.

- 7000 henrettingar

— Me gjer dette for å få fokus på menneskerettsproblematikken i Kina i samband med OL. Aktivistar som har kritisert styresmaktene sin framgangsmåte er blitt fengsla eller plassert i såkalla omskoleringsleirar, seier arrangementansvarleg Sveinung Søyland Moen i Amnesty Student Bergen.

Kina klatrar til topps på pallen og løfter pokalen i vêret.

— Buuuuuuuuu, kjem det frå dei andre Amnesty-aktivistane.

På T-skjorta til Kina står det skrive 7000 med store bokstavar.

— Det er talet på henrettingar i Kina i 2007. Kina opererer med eit offisielt tal på 470. Men Amnesty kalkulerer med at det reelle talet er 7000. Og det er nøye utarbeidde tal. Det er langt ned til Iran på andre plass, som har 350 henrettingar, seier Søyland Moen.

OL i Skostredet

Med dagens stunt vil Amnesty også skapa blest om arrangementet «OL i Skostredet», som går av stabelen onsdag 30. april.

— Då er det 100 dagar til OL, og det skal markerast i stor stil. Det blir konsertar, kunstauksjon og konkurransar, seier Søyland Moen.

Amnesty meiner alle kan gjera ein innsats for å betra menneskerettssituasjonen i Kina.

— Alle kan gjera noko, særleg no når heile verda har blikket retta mot Kina. Når folk skriv under på appellar og liknande, aukar presset mot den kinesiske regjeringa til å innfri løfta som dei gav i samband med OL-tildelinga, seier regionleiar i Amnesty Vest, Tanja Clifford.

Situasjonen er verre

Ifølgje Clifford er situasjonen i Kina blitt verre etter at landet fekk tildelt OL.

— Mange er blitt tvangsflytta utan å få tilstrekkeleg kompensasjon. Det har ført til at folk har mista jobbane sine og mista kontakten med familien. Menneske som klagar blir ofte fengsla eller jaga bort, seier Clifford.

Menneskerettsorganisasjonen har ein kampanje gåande der dei har fått med seg fleire norske idrettsutøvarar.

— I kampanjen rettar me fokuset mot fire kinesarar som sit fengsla fordi dei har kritisert regjeringa sin framgangsmåte under OL-førebuingane. Det einaste dei har gjort er å bruka ytringsfridomen sin, seier regionleiaren.

Kva meiner du om situasjonen i Kina? Skriv eit innlegg her.

VINNAR: Kina tok ein overlegen siger med 7000 henrettingar i 2007. Frå venstre: Idunn Flood, Lillian Paulsen og Nina Odberg.
BORGHILD BERGE
KAMPANJE: Amnesty har fått med seg fleire idrettsutøvarar på ein kampanje til støtte for kinesarar som sit i fengsel for å ha ytra seg negativt mot regjeringa. Gianina Rodriguez var blant aktivistane på Festplassen i dag.
BORGHILD BERGE
GAV ALT: Iran (Idunn Flood)og Saudi Arabia (Nina Odberg) gav alt, men ingen klarte å måla seg med Lillian Paulsen og Kina.
BORGHILD BERGE
MED STJERNER PÅ LAGET: Gro Hammerseng (bildet) , Susanne Wigene, Jørre Kjemperud og Guro Knutsen krev i ein Amnesty-kampanje at fire fengsla aktivistar i Kina må bli sett fri. Aktivistane er fengsla eller plasserte i omskuleringsleir for aksjonar knytt til Beijing-OL.
AMNESTY