Fem avgangselevar frå BHG og to frå Katten pakkar kofferten og reiser til Beijing. Dei fleste skal studere der eit heilt år, ei seier seg nøgd med eit halvt. Dei har hatt mandarin-kinesisk som valfag fem timar i veka i to år.

No er målet nye opplevingar og å meistre språket til fulle. At det tek seg godt ut på CV-en, er heller ikkje å forakte.

— Å kunne språket skikkeleg og ikkje berre snakke om vêret, men å kunne føre skikkelege samtaler og bruke språket i arbeidslivet, dét er målet mitt, seier Marte Wold-Olsen.

Må gripe sjansen

— Eg ser på det som eit år eg kan gjere noko heilt nytt før eg studerer vidare. Eg vil studere kinesisk, men også reise i Asia. No har eg sjansen, så kvifor ikkje ta den? seier Maren Nielsen Hole.

David Boldevin Engen vil studere ved NTNU og bli sivilingeniør, men først vil han bu i Kina eit år.

— For to år sidan var det tilfeldig at eg valde kinesisk. Eg likte det så godt at eg i fjor droppa yndlingsfaget mitt, fysikk, for å kunne studere meir kinesisk og reise til Kina no. Eg håpar at eg kan ta utveksling til Kina seinare og studere fysikk på kinesisk, det hadde vore supert, seier Engen.

Kinesiske statsstipend

Opphaldet i Kina er lagt til Beijing sportsuniversitet og er koordinert av Konfuciusinstituttet i Bergen. Elevane tek imot kinesiske statsstipend som dekkjer reise, forsikring, opphald og undervising. Andre utgifter må studentane dekke sjølv.

— Vi har sendt kring 10 studentar i året på dette opplegget sidan 2009. I år kunne vi tilby ti heilårsstipend og femten halvtårsstipend, i tillegg til eit to-vekers opphald med språkkurs i løpet av sommarferien. På sommarkurset hadde vi i år 20 plassar, men vi reknar med at dette vil auke til 40 i løpet av dei neste åra, seier Rune Ingebrigtsen, direktør ved Konfuciusinstituttet i Bergen.

Tidlegare har studentar stått i kø for å få reise til Kina, men i år har Konfuciusinstituttet ikkje fylt opp alle plassane. Interessa for Kina og talet på norske studentar i Kina er gradvis aukande, men ligg framleis langt under mange andre land.

Tal frå Lånekassen viser at talet norske studentar som tek heile grader i Kina har auka frå 15 til 47 mellom 2005 og 2013. Tilsvarande tal frå svenske Centrala Studiestödsnämden viser ei utvikling frå 186 til 516 svenske studentar i Kina.

Nøkkelen til verda

Elevane frå Bergen ser fram til å vere med å løfte den norske statistikken.

Lærar Haifeng Sun er stolt og glad på elevane sine vegner. For han er dette tredje gong somme av hans elevar studerer vidare i Kina.

— Dette er ein draum som går i oppfylling for dei. Nokre av dei har planlagt dette i over eit år. Eit år i Kina vil gje desse elevane eit skikkeleg løft i språkkunnskapane, og det er nøkkelen til Kina og verda, seier Sun.

Elevane frå Bergen er budde på at å flytte heimafrå til den fjerne Austen kan by på utfordringar. Etter eit sommarkurs i fjor sommar veit dei kvar dei skal bu og korleis det ser ut i det store landet. Likevel er heimlengt, kultursjokk og framand mat blant dei mest nærliggjande uromomenta.

— USA og Kina er like langt vekke, men dei store skilnadene i språk og kultur gjer at Kina verkar fjernare likevel. Vi skal reise frå trygge, demokratiske Norge til skumle, kommunistiske Kina. Det blir veldig spanande og litt skummelt, seier Malin Hrannardóttir Skeie.