SÅ EG VASSAR til navlen, og når eg har vassa til navlen, kan eg like godt dukka heile kroppen.

Det var ikkje så ille som eg hadde trudd. Då var det verre med Kikedalen.

KIKEDALEN ER MJUK som ein svamp, grov som ei greip. Kikedalen svøyper seg rundt deg og støyter deg frå seg, slukar deg heil og spyttar deg ut. Kikedalen er kos og klem og slag og spark, sviande tung og leikande lett, og hadde eg visst kva som venta i li og ur, ville eg kanskje ha vurdert å bli liggjande til eg stivna i haustkaldt fjellvatn.

Eg visste ikkje kva som venta. Eg hadde berre sett den milde sida av Kikedalen. I godvêr. No står eg drypande våt og myser inn i skodda. Leitar etter ein sti og ein farbar veg. Nett som eg trur eg har funne han, er han borte att. Slukt av ei røys, eller gøymd under gulnande ormegras.

– Det er nok hakket for høgt nivå for meg, dette, stønnar fotografen. Vi har kryssa ei fjellside. No ventar ei ny, og eg kan ikkje lyga. Eg veit ikkje kva som gøymer seg i skodda der framme.

Det er ikkje opp til Kikedalen å vera snill og påliteleg, det er opp til oss å vera budde, kledde, røynde og motiverte nok til å utfordra Kikedalen. Du kan bli treft av ein stein, eller snubla i ura, eller gå utfor eit stup, men du går deg i det minste ikkje bort i Kikedalen, endå om stigen skulle forsvinna for deg ei stund.

Dalen er vegen.

KIKEDALEN ER RUFSETE OG RÅ, bratt og luftig. Nett som ventande kan vera. Likevel er det litt som om du forlet denne verda og går inn i ei anna når du stig inn i Kikedalen.

For Kikedalen er Vestlandet karikert, Vestlandet i n-te potens, Vestlandet i søkk og kav. Snublande gjennom ur, smygande mellom kampestein og edellauvtre baksar du deg fram. Til det er for seint å snu, og for tidleg å gje opp.

Innunder svarte fjellet, frampå ei hylle over svimlande stup. Over deg, til djupt inn i skodda, heng berget. Ein dag vil det sleppa. Ein dag vil tyngdekrafta syta for at nye blokker kjem deisande ned mot dalbotnen.

Under deg ligg ura, somme stader graskledd, andre stader så fersk at ingenting enno har fått tid til å gro og festa seg. I botnen ei elv eller eit vatn, og på hi sida meir ur, meir berg, meir vatn, meir skodde.

FUSA OG SAMNANGER deler Kikedalen nesten på meteren likt mellom seg, men heilt samstemte er dei nok ikkje om kvar det er venast. Men både fusingar og samningar snakkar varmt om dette smale dalføret som strekkjer seg i luftline ei knapp mil frå Holmane i nord til Gjønavatnet i sør.

Sjølvskrytet er ikkje tomt prat, men heller ikkje heile sanninga. For det som i ytterkantane i nord og i sør er flate bøar og låge ryggar, blir snart til skarpe kantar og djupe gjel. Frå den opne sletta med restar av stølshus på ved Kikedalsvatnet i nord stig dalen jamt og roleg oppover, til han knip seg saman, smalnar og flekkjer tenner.

Det som var mildt, blir vilt, det som var innbydande, blir avvisande, det som var balsam for sjela, blir syre i låra.

Overgangen er bråare i sør. Frå dei fine bøane ved Gjønavatnet, der hest og sau beitar gjennom sommaren, frå dette vakre, parkliknande kulturlandskapet som er blitt stelt og slått og hausta gjennom generasjonar, ber det lukt inn i dalkjeften. Med svarte kampesteinar til tenner og skummande vatn til frode tek Kikedalen imot.

HAN SLEPP DEG IKKJE SÅ LETT . Delvis fordi terrenget er ulendt og kronglete, men like mykje fordi landskapet i seg sjølv er fengslande vakkert i all sin råskap. Meir enn du er i stand til å setja spor i Kikedalen, set Kikedalen spor i deg, knugande mektig og knusande overlegen som han er.

Like klokleg som brorparten av samningane held seg i nord, held brorparten av fusingane seg nær vasskanten på Gjønavatnet når dei er på tur i Kikedalen. For mange fusingar er Kikedalen synonymt ikkje med den ti kilometer lange dalen, men med den kultiverte strandsona i nordenden av Gjønavatnet.

Her skal det ha vore fastbuande til Svartedauden fór med kikedalsbonden og huslyden hans i 1350. Framleis finst det spor etter hustufter, og det er lett å tenkja seg at her må ha vore fint bondeland den gongen plassar ikkje var avsides om dei var veglause.

Men brutaliteten og omsynsløysa i naturen rundt er også godt synleg. I dei steile fjellveggene som stig meir enn tusen meter rett til vers, men også på bøane ned mot vatnet. Eit jord— og steinras i 2005 dekte mykje av det fine kulturlandskapet og endra heile karakteren i denne delen av Kikedalen. Somme vil meina at Kikedalen vart rasert.

DEI VAR IKKJE KVIAFULLE , dei som gjorde Kikedalen til ferdaveg mellom Samnanger og Fusa. Men det var i ei anna tid, i dag ville ein kanskje anstrenga seg for å halda seg unna dette barske dalføret.

Fotografen har trossa knesmerter og kjempa seg heile dalen til endes. Irritasjonen over han som drog han med på litt falske premissar, har han vore vel og halde for seg sjølv. Surklande støvlar er gløymd, no er det skarpe haustfargar, bratte fjellsider, stille vatn og trolske stemningar som best blir hugsa.

FOTOGRAFEN OG EG er einige om at Kikedalen kan tilrådast, men på vilkår. For den komplette Kikedals-turen kan vera krevjande inntil det halsbrekkjande. Ikkje skal ein ha høgdeskrekk, ikkje skal ein vera ustø på foten, og helst skal ein vera både fjellvant, motig og i god trim, skal ein ha meir glede enn smerte av å gå heile distansen.

Det er eit godt alternativ å gå til dømes Samnanger-delen av turen. Frå Kikedalsvatnet til toppunktet 650 meter over havet. Sameleis er det forholdsvis greitt å gå frå Gjøn og inn til det fine kulturlandskapet i nordenden av Gjønavatnet, sjølv om det også her er ulendt somme stader.

Men såpass innsats er ein kik inn i Kikedalen verd.

Lillebø, Jan M.
DRAMATISK: Kikedalen er særmerkt ikkje berre i vestlandsk målestav, men i nasjonal samanheng. Tett innunder fjellet går stigen, og somme stader er det lite som skil deg frå avgrunnen. Her er det «Hidleren» som varsomt blir runda.
Lillebø, Jan M.
FARGESPEL: Haustfargane gjev liv til fjellet. Ei siste ekstravagant krampetrekning før vinteren, frosten og snøen tek over.
Lillebø, Jan M.