Ved middagstider i dag sat kvinna i 30-åra framleis i avhøyr på politihuset i Haugesund. Politijurist Thor Arne Reitan seier at kvinna forklarer seg greitt, men han vil ikkje kommentera kva ho har sagt i avhøyret.— Etter avhøyret vil vi vurdera om ho skal framstillast for fengsling, ei vurdering som blir vegen opp mot faren for gjentaking og bevisforspilling, seier Reitan til bt.no.Politiet i Haugesund har enno ikkje late kvinna bli undersøkt av psykiatrisk sakkunnige. Barnet har det bra Faren til den kidnappa jentebabyen, Espen Eriksen, fortel til NRK at både ungen og foreldra har sove godt i natt.- Det ser ut som om ho har det veldig fint. Då vi fekk henne att, så hadde ho trass alt fått godt stell, fekk vi vita. Ho hadde fått mat på den lange reisa, og heldigvis er det ei sterk og frisk jente som er lukkeleg uvitande om det som har skjedd, seier den nybakte pappaen til NRK.- Vi kvidde oss veldig for natta før vi fekk ho att. Vi såg føre oss ei forferdeleg natt der vi ikkje visste kor Ida var, korleis ho hadde det eller om ho levde i det heile. Så i går kveld var alt berre fint, seier Espen Eriksen. Tek sjølvkritikk Direktør Johannes Kolnes ved Fylkessjukehuset i Haugesund seier i ei pressemelding seg svært lei for den tragiske hendinga på fødeavdelinga måndag. Kidnappinga gjer at sjukehuset må ta ein ny revisjon av tryggingstiltaka ved institusjonen.Kvinneklinikken og føde- og barselavdelinga har dei siste 10-15 åra arbeidd med å leggja forholda til rette for fødekvinnene. Sjukehuset har lagt vekt på at dei fødande skal få nærleik til familie og andre pårørande, og at foreldre i stor grad sjølve skal få velja kven dei vil ha rundt seg på avdelinga.Sjukehusdirektøren meiner at sjukehuset har lagt vekt på å hindra tilgjenge av uønskte personar ved institusjonen.