Ketil Porsmyr (43) har hatt paragliding som sin store hobby i 15 år. Søndag for vel to veker sidan gjekk det galt, men det kunne gått endå verre.

Firebarnspappaen fortel om ein heilt vanleg flytur ut frå Ulriken. Han var på veg til å landa på Nymark ved Brann stadion og opplevde å ha full kontroll.

Mista kontrollen

— Plutseleg mista skjermen all framdrift. Eg mista kontroll over skjermen og det begynte å gå fort nedover, fortel han.

Han fall mellom 100 og 150 meter på noen få sekund. Han unngjekk så vidt ei høgspentline før han møtte bakken.

Skjermen festa seg i en ledning slik at fallet vart dempa. I staden for å gå rett i bakken, vart han slengt sidelengs inn i eit gjerde.

Han hadde åpne brot i både lår og alboge, men reknar seg likevel som heldig.

— Eg kunne ha omkome eller blitt lamma. At eg er heime frå sjukehus allerede og kan bevega meg omkring, viser at eg har hatt fantastisk flaks.

Etter fem dagar var han i rullestol, tre dagar seinare var han oppe på beina med krykkjer.

Gir seg

Men han kan ikkje hjelpa til heime. Med fire barn i alderen 16 månader til 10 år fell mykje på kona. Men naboar og vener har stilt opp og gitt god hjelp, fortel han til avisa Nordhordland.

- Når er du oppe i paraglider igjen?

— Det vert aldri. Kona og eg har inngått ein avtale. Om eg var åleine, hadde det vore annleis, men familien er viktigast.

FANTASTISK FLAKS: Ketil Porsmyr ser seg som heldig etter å ha falt over hundre meter. Foto: Endre Hopland, Nordhordland