På ei utsprengt tomt i utkanten av Grova (Norheimsund sentrum) har åtte studentar og tre lærarar styrt på, dag som natt, i heile helga med alskens avartar av keramikkbrenning, også med den japanske raku-omnen.

— Raku betyr glede, fortel Anna Stina Næss.

— Vi får nesten ikkje lov til å bruka open flamme og produsera så mykje røyk i byen, seier ho til Bergens Tidende.

Næss er lærar ved Keramikkinstituttet, men bur i Norheimsund og har atelier tett attmed ei stor tomt nedom kyrkja. Her er det berre sundsprengt stein og langt mellom det brennbare.

Dei utdanna og dei lærevillige keramikarane bygde gassomn av murstein, og tilsvarande sagflisomn og saltomn. Vakker keramikk vart også brent i ei grop i bakken, rett og slett. Pit-omn kallar engelskmennene slikt.

Og papiromn laga dei. Keramikk innpakka i avispapir vart lagt i ein haug med meir avispapir, som det vart sett fyr på. Keramikk vart det av det også.

— Dei ulike metodane gir ulik glød og andre effektar på overflata, fortel Næss, som hadde med seg lærarkollegene Hannu Konttinen (finsk skulptør) og Kjell Johannessen (keramikar) heim til Norheimsund.

Utstyrt med raku-tenger, sagflis, vernehanskar, vernemaske, verneforklede, gassflasker, raud murstein, omnsplater, sinkbøtte, blikkboks, salt, aviser, stålull, spade og dugeleg med niste hadde keramikarane ei kreativ helg. Utpå kvelden og natta gav flammane og røyken frå keramikkomnane ekstra fin stemning.

KERAMIKK-KUNST: Den finske skulptøren Hannu Konttinen (t.v.) var i Nordheimsund saman med to andre lærarar og åtte studentar frå Keramikkinstituttet i Bergen.
FOTO. ARNE HOFSETH