ARNE HOFSETH

Linda Lid har fått fyr i den kjempesvære keramikkomnen ho har bygt under torvtak i tunet på Nesthus på sørsida av Vangsvatnet.

Her har ho leigd seg eit krypinn i stabburet og innreidd «Eld-sjel» keramikkverkstad på låven, i tillegg til beistet av ein omn i tunet.

— Eg er ute etter uvanlege strukturar, med og utan glasur, i keramikk som blir forsteina ved 1300 grader Celsius, fortel keramikaren til Bergens Tidende.

Og det er slett ikkje koppar og små kar som står inne i det frådande eldhavet. Det er dimensjon over tinga ho dreiar i leire. Urner på over halvmeteren er ikkje uvanleg.

2500 kilo leire

— Det gjekk med 2500 kilo rå leire til dei gjenstandane eg fekk plass til i omnen denne gongen, etter tett stabling, fortel ho.

Oppvarminga tok til torsdag, og temperaturen på 1300 grader vart nådd måndag. Om ti dagar, mot slutten av komande veke, har det kjølna såpass at ho kan gå inn i den seks kubikkmeter store omnen og sjå resultatet.

— Det blir spanande. To brenningar gir aldri likt resultat, seier Linda Lid.

Kjeramikk i slike dimensjonar som ho steller med, er ikkje laga i ei handvending. Først 20. november har ho tillyst salsutstilling og markering av at ho er komen i gang på Nesthus. Då vonar ho også å ha gjort unna ein del snikkararbeid som står att.

25 tonn med murstein

Bergsdølen har gjort det meste sjølv, men hatt hjelp til å sprenga ut tomta til omnen med torvtekt tak over. Gode vener frå Bergsdalen held dugnadsånda i hevd, men Linda har til dømes slått i kvar einaste spikar i sutaket. 25 tonn med eldfaste mursteinar gjekk med til omnen, som har tre dører.

I sommar har ho vore flittig med motorsag og trekløyvingsøks. Ikkje mindre enn ti kubikkmeter, det er meir enn fire mål, med ved har faren hennar køyrt til tuns med traktor. Langt meir enn folk flest greier å brenna opp heime i løpet av ein heil vinter, gjekk unna på fire dagar då gigantomnen på Nesthus omdanna leire til granitt.

FYRINGSVAKT: Om det tek fire dagar eller meir, må det fyrast kontinuerleg, dag og natt, til 1300 grader er nådd. Nina Haga (t.h.) var med som fyringsvakt natt til i går.<br/> Foto: ARNE HOFSETH