ARNE HOFSETH

Men eit godt tenleg museum der store og små kunne skaffa seg kunnskap om liv og lære i farne tider, og i tider som ikkje ligg så overvettes langt bak oss.

Museet var lykkeleg som lite. Det fungerte. Og det var ikkje åleine. Faktisk var det mange små, lykkelege museum spreidd rundt i keisardømet. Til saman gav dei folket innsikt og kunnskap om eit mangslunge samfunn før og no.

Landet var styrt av ein keisar som var så glad i veldig fine ord. Han var alltid i biblioteket med framandordbøkene. Og drengane hans, byråkratane, kappast om å finna på staselege ord. Helst ord som var vanskelege for folk flest å forstå. Arbeidslause kunne ikkje lenger gå på arbeidskontoret, men måtte venda seg til aetat, helst med liten a. Verket som styrer lufttrafikken heiter Avinor.

Dei som ikkje skjønar alle orda er anten dumme eller uskikka til jobben sin. Difor skryt keisaren uhemma av alle fine ord som drengane finn på, om han skjønar dei eller ei. Dum er han ikkje. Og ingen høver betre til å vera keisar. Undersåttane kan ikkje vera ringare. Dei sleper rundt på ord som eigentleg ikkje betyr noko som helst.

Endatil Hardangerrådet har i sine sakspapir innført omgrepet «konsolidert museum» i staden for museum.

Sjølvsagt betyr det noko, dette tilleggsordet «konsolidert». Den som ikkje tek ordet i bruk, kan gå glipp av statstilskot. Det er stor synd i keisardømet. Den som går glipp av statstilskot, han er dum, han. Og slett ikkje skikka til jobben sin. Det spelar ingen rolle om vilkåra for statstilskotet fører til langt større kostnader for mottakaren enn det beskjedne tilskotet. Er du per keisarleg definisjon dum, så er du dum. Det skjønar også sindige rådsmenn på Hardingatinget.

Kva er det kvite i hønselorten? Det har mange lurt på. Svaret er ganske enkelt. Det er hønselort, det også. På tilsvarande vis er eit universitetssykehus eit sjukehus, det også. Uansett kor mange millionar det kan kosta å byta namn. Ved namneendringar sit nok pengane litt lausare når vi snobbar opp (frå sykehus til universitetssykehus) enn når vi snobbar ned (til sjukehus). Slik blir det kanskje også med musea. La oss likevel halda fast på at eit konsolidert museum, det er eit museum, det også.

Å konsolidera tyder ifylje ordlista å gjera solid, sterk; sikre; trygge, til dømes makt. Konsolideringa av musea går ut på å slå fleire små museum saman under ei felles leiing.

Det vesle, men lykkelege museet vert altså ikkje sterkare eller meir solid. Det blir veikare. Museumsstyraren vert flytta til eit større museum i regionen. Det vesle museet blir eitt av fleire som skal fjernstyrast derifrå.

Ergo må konsolideringa ha den andre tydinga, at nokon sikrar seg makt. Statsmakt, skal vi tru fylkesrådmann Paul M. Nilsen i Hordaland. I ein tale til Hordatinget fortalde han at Staten med denne prosessen tek styringa med musea, men føreset, frekt nok, at fylke og kommunar betalar like mykje av gildet som før.

Sjølvsagt kom det ikkje konsoliderte pengar på statsbudsjettet. Keisaren er naken.