Striden i Ostereidet sokn har snart pågått i to år. Ifølgje folk som støttar kateket Leikny Overå, har både ho, soknepresten og organisten blitt prøvd fjerna frå stillingane sine. I januar toppa det seg då Lindås kyrkjelege fellesråd sa opp Overå, som er gift med soknepresten.

– Her ligg det kyrkjelege motiv bak. Det er ei sterk pietistisk rørsle i soknet, som har eit konservativt syn på kva kyrkja skal vere. Dei vi støttar har eit positivt syn på homofilt samliv, og det fell ikkje i smak hos mange av soknerådsmedlemmene, seier Eli Fjelde Vikan.

– Veldig belastande

Ho var ein av initiativtakarane til ein underskriftskampanje til støtte for kateketen, soknepresten og organisten.

– Dei gjer som Jesus seier, at alle som trur på han skal takast i mot. Så lenge dei er døypte og konfirmerte, høyrer dei til kyrkja. Dei tre vil ha ei opa folkekyrkje, seier Fjelde Vikan.

Leikny Overå vil ikkje la seg intervjue, men advokat Nils Kristian Ormestad Lie meiner oppseiinga ikkje er sakleg grunngjeven.

– Vi krev at ho får jobben tilbake. I tillegg vil vi krevje erstatning på grunn av urettmessig oppseiing, seier Ormestad Lie.

Kateketen fekk medhald i å få halde fram i jobben fram til rettssaka startar i midten av oktober.

– Ho har vore gjennom ein veldig tung prosess. Ho har vore aktiv del av lokalmiljøet lenge, og difor opplever ho denne konflikten ekstra belastande, seier advokaten.

Avtale om kontorbruk

Ifølgje stiftsdirektør Helge Taranrød har arbeidsmiljøet på kyrkjelydskontoret vore svært anstrengt etter at konflikten blussa opp. Fleire har vore sjukmelde.

– På vegner av kyrkjelyden er det veldig beklageleg at denne konflikten har oppstått. Det har ført til splitting, og gjort det vanskeleg å samle folk til gudsteneste, seier Taranrød.

Konflikten medførte at ein måtte inngå avtalar om kor tid dei ulike partane kunne nytte kyrkjelydskontoret. I tillegg har tre eksterne personar gått gjennom arbeidsmiljøet.

– Det seier seg sjølv at du ikkje kan gå på jobb som vanleg når du har ein slik konflikt gåande. Difor har enkelte jobba heimefrå ein periode. Dei eksterne personane har bidrege til dialog mellom partane, men det er ikkje til å leggje skjul på at dette har vore veldig krevjande, seier Taranrød.

– Personalsak Kyrkjeverje Åge Clausen i Lindås seier dette er ei personalsak, og at han difor ikkje vil kommentere saka. Også advokat Anne Marie Due, som representerer det kyrkjelege fellesrådet, er ordknapp.

– Stillingsvernet står sterkt i Noreg, men likevel meiner vi det er forhold som gjer at oppseiinga kan forsvarast. Ut over det vil eg ikkje kommentere saka, seier Due.

Biskopen i Bjørgvin vil ikkje kommentere denne konkrete saka, men han tykkjer det er synd at konfliktar skal nå rettsapparatet.

– Dette er veldig trist, og denne saka er vond for mange, seier Halvor Nordhaug.

Han meiner likevel at det er stor takhøgd i bispedømmet.

– Samtidig er det veldig mange tilsette, og det vil alltid vere menneske som har ulike prioriteringar og kyrkjelege syn. Ut frå kor mange kyrkjelydar vi har, synest eg konfliktnivået her er lågt, seier biskopen.

«FLEIRE SJUKMELDE»: Stiftsdirektør Helge Taranrød seier at fleire ved kyrkjelydkontoret har vore sjukmelde som følgje av konflikten, og at det det vanskeleg å samle folk til gudsteneste. ARKIVFOTO: HILD F. AASE