— Tusenvis av dyr kan døy, meiner Jomar Haukås i Sogndal. Han har i årevis drive med hjorteforvaltning, mellom anna gjennom eit eige selskap som leiger ut jakt. I vinter har Haukås funne fleire ihelfrosne dyr på garden sin på Kaupanger.

— Matfatet til hjorten er stengt på grunn av snø og frost like til fjorden. I år vil også friske dyr døy fordi dei ikkje finn mat, seier han til Sogn Avis.

Islag på bakken under snøen og steinhard skare gjer det uråd for dyra å finne mat.

— Vi snakkar om ei dyretragedie. Eg ser dyr samlar seg i flokkar. Så døyr dei ein etter ein fordi dei svelt i hel, seier Haukås.

I skogsområda på Kaupanger har hjorten gnege bark av trea i ei mengde Jomar Haukås ikkje har sett før. Han meiner det einaste som kan berge hjortestammen frå ein stor katastrofe, er å starte fôring.

— Som eit strakstiltak bør det leggjast ut rundballar. Det kan berge mange dyr.

Også i Sunnfjord er situasjonen dramatisk mange stader. Til avisa Firda seier skogbrukssjef Magnus Mo i Førde og Gaular at vinteren kom så tidleg at dyra ikkje fekk bygt opp feittlaget dei treng for å kome gjennom ein tøff vinter.

— Eg fryktar dei to yngste årgangane vil bli kraftig redusert, seier Mo.

Kommentarar? Skriv gjerne nokre ord i feltet under!