Møtelyden avgjorde med 56 mot 51 røyster at dei to medlemene i styret for Helse Førde ikkje skal sitje i fylkestin-get etter valet neste haust. Hilmar Høl frå Årdal tok Mowatts tredjeplass på lista. Odd Atle Stegegjerdet frå Luster kjem inn i staden for Clara Øberg.

AUF avgjorde

AUF blei tunga på vektskåla under dagens nominasjonsmøte. Eit samla ungdomsparti røysta dei to ut av lista. Som motyting fekk AUF-leiaren i fylket, Torbjørn Vereide, femteplass på lista.

Det blei eit svært dramatisk nominasjonsmøte på Skei i Jølster der utsendingane frå kommunelaga som soknar til lokalsjukehusa i Eid og Lærdal stod mot resten av fylket.

Siri Sandvik, utsending frå sjukehuskommunen Eid, slo an tonen frå første innlegg.

— Vi kan berre gløyme å drive val-kamp i Nordfjord og Indre Sogn, dersom Clara Øberg og Harry Mowatt står på lista. Håpar vi på mange stemmer ved fylkestingsvalet neste haust, må desse to vekk.

Intenst

Debatten på nominasjonsmøtet kom fullt og heilt til å dreie seg om sjukehusstrid, og dei to Ap-politikarane som sit i styret for Helse Førde. Ordskiftet blei både intenst og tidvis også kjensleladd.

— Vi skal velje dei som skal styre fylket, ikkje dei som skal styre sjukehusa. Fylkestinget har ingen ting å gjere med sjukehusdrifta, sa Bente Frøyen Steindal, ordførar i Flora. Og gjorde det klart at florøværingane stilte seg bak Øberg og Mowatt.

Fleire av talarane var opptekne av at den opprivande striden kan øydeleggje partiet.

— Vi øydelegg oss sjølve innanfrå, åtvara Hans Bruland, utsending frå Førde.

Åshild Kjelsnes frå Flora blir partiet sin fylkesordførarkandidat. Dermed tyder mykje på at Sogn og Fjordane for første gong får ein kvinneleg fylkesordførar. Fredagen nominerte nem-leg Senterpartiet Gaularordførar Jenny Følling på førsteplass. Dei to største partia i fylket stiller dermed begge med kvinnelege toppkandidatar.

Kva synest du om Ap-striden? Sei meininga di!