Nesten 100 var meldt på, men berre 50 møtte fram då eitt av selskapa som arrangerer pokerspel på internett inviterte til pokerkurs på Verftet i går kveld.

— Dette gjekk heilt gale, konstaterte Ole Osland (18) - ein av dei unge mennene som satsa på lykke ved pokerbordet, framfor sola som skein utanfor. Etter ein lovande opning rauk all kapitalen i eit anfall av overmot.

At han har spelt poker sidan han tok til som 7-åring med godteri som innsats, hjelpte ikkje. Heller ikkje at han jamt og trutt spelar poker på nettet, i tillegg til pokerlag med kompisar annakvar helg.

Arrangøren er på turne til dei fire største norske byane, med Farmen-vinnar og pokerentusiast Snorre Rotbæk som forelesar og trumfess.

Dei hevdar at pokerfeberen herjar landet, og at 80.000 nordmenn har spelt poker på nettet så langt - eit tal dei med turneen sin har tenkt å drive ytterlegare i veret.

Ole Osland trekte i alle fall ein lærdom:

— Aldri å satse mot slike gutar som dei rundt bordet der. Dei var alt for gode for meg.