– Dette er ein veldig spesiell måte å kvitta seg med husdyravfall på, seier Einar Breivik i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) til innsida.no etter det uavanlege funnet.

Han veit ikkje kor hestehovuda kjem frå.

– Eg forstår ikkje heilt samanhengen i denne historien. Ein ting er å senda avgarde to hestehovud med bosbilen, som vanleg hushaldningsavfall. Det andre er kvar «leverandøren» har gjort av resten av hestane sine. Er kroppane nedgrovne eller er dei sende til SIM, dei òg, undrar Breivik.

Han har rapportert funnet både til politiet og Mattilsynet, og skrive avviksmelding i tråd med regelverket.