Politiet avslutta etterforskinga av havariet før jul, og saka ligg nå hos statsadvokatane i Hordaland. Dei skal vurdere om nokon bør straffast etter ulykka, som kravde 18 menneskeliv.

— Sjøkartverket er sikta for grov uforstand i tenesta. Bakgrunnen er at grunna i Vatlestraumen ikkje vart varsla i «Etteretninger for Sjøfarende» etter at ho var oppdaga, seier statsadvokat Jarle Golten Smørdal.

Grunnflaket der «Rocknes» grunnstøytte vart oppdaga då Vatlestraumen vart målt opp på nytt i 1995.

Men Sjøkartverket ga ikkje beskjed om denne grunna spesielt i publikasjonen «Etterretninger for Sjøfarende» (EfS), som blir gitt ut to gonger i månaden og sendt blant anna til alle losar.

Då det vart gitt ut nytt papirkart for området i 2003, vart kartet for Vatlestraumen justert. Men med ein målestokk på 1:50.000, utgjorde endringa på kartet berre ca. 1 mm.

I sjøforklaringa i Bergen i fjor, sa direktør Frode Klepsvik i Sjøkartverket at grunnflaket ikkje vart vurdert som viktig nok til at det kom med i «Etteretninger for Sjøfarende». For det første låg grunnflaket uansett innanfor raud sektor frå Hilleren lykt. For det andre var det berre ca. 55 meter inn til Revskolten lykt, noko Sjøkartverket meinte var ein svært liten avstand i denne samanhengen.

Etter nyoppmålinga i 1995 vart det via EfS meldt om i alt 121 andre endringar på det aktuelle sjøkartet. Grunnflaket i Vatlestraumen skulle altså også vore med her, ifølge politiet.

Ingen enkeltpersonar er sikta i saka. Dersom nokon skal straffast, vil det vere Sjøkartverket som etat som må betale ei bot. Om dei nektar, vil det bli reist straffesak.

<b>ROCKNES:</b> 18 menneske omkom då "Rocknes" gjekk på grunn 19. januar i fjor.
JAN M. LILLEBØ