Det er Sparebanken Sogn og Fjordane som har hyra inn forskingsinstitusjonen i Sogndal.

— Vi er overtydde om at klimaendringane er sett på dagsordenen for år framover, seier Arve Sandal, banksjef med ansvar for informasjon.

Vestlandsforsking skal bruke tre år på å granske utsleppa i fylket. I tillegg skal dei vurdere kor sårbare næringane i fylket er for klimaendringar, og arbeide for å finne fram til idear som kan gje nye arbeidsplassar.

Ti bod

Banken lanserte på ein pressekonferanse i Førde i går sine eigne ti bod som starten på engasjementet i dei store klimaspørsmåla.

Sparebanken skal premiere tilsette som syklar til jobben, eller gjer andre tiltak som reduserer bilbruken. Det skal gjennomførast energiøkonomiserande tiltak i alle bankens bygg, og dei skal gå over til å bruke meir miljøvennlege bilar. Flyreisene skal bli færre, video og telefonkonferansar skal erstatte flybillettane. Banken skal ha fokus på gjenbruk, og lovar dessutan å leggje fram eit årleg klimarekneskap. Klimaspørsmålet skal integrerast i strategiske planar for banken, dei skal informere og halde kurs om klimaspørsmål for kundar og bransjar, og setje miljøkrav til leverandørane.

Berekraftig drift

— Dette er ikkje noko gimmick frå vår side. Vi trur dei dystre rapportane frå FNs klimapanel om forverra levekår på kloden kjem til å endre både verdsøkonomien og levesettet til folk flest. Derfor tek vi, som ein stor aktør i Sogn og Fjordane, eit ansvar både for å få fram meir kunnskap om utfordringa, og dessutan drive banken så berekraftig som mogleg, skriv administrerande banksjef Arvid Andenæs i ei pressemelding.

Ein del av avtalen som blei signert i går, er at Vestlandsforsking også skal leite etter nye bedriftsidear tufta på klimaendringane.

Direktør i Vestlandsforsking, Agnes Landstad, seier dei vil bruke Sparebanken Sogn og Fjordane som eit studieobjekt i internasjonal forsking om korleis bedrifter og næringsliv tilpassar seg nye klimakrav.