DÅ KARIN JOHNSTAD skulle få ordna hellinga på badegolvet, oppdaga muraren at det var to lag med fliser der. Mellom dei var det vått.

– Eg anar ikkje kvifor det er gjort slik. Eg visste ikkje om dei to laga før eg fekk eit brev frå utbyggjar der han skriv at prosjektleiar har sagt at eg har to lag fliser på golvet, seier Johnstad.

For snart to år sidan flytta ho inn i den nøkkelferdige leilegheita i Slåtten sameie i Harald Sæverudsvei. Ho har opplevd eit stovegolv som måtte skiftast på grunn av lekkasje, ein vedomn ho ikkje kan fyra i utan å opna altandøra, og no altså problem på badet. Korrespondansen mellom henne og byggmeister Morten Straume har vore lang og hissig. No har Johnstad bestemt seg:

– Eg flislegg badet på nytt. Rekninga sender eg til Straume, seier ho.

STYRELEIAR I SAMEIGET, Ragnhild Fossheim, fortel at fleire av dei som kjøpte leilegheit har hatt problem. Ein rapport Opak har utarbeidd konkluderer med at «det er registrert en rekke detaljer som ikke er fagmessig utført» og at «utbygger ikke har foretatt nødvendige egenkontroller på kvalitetssikring». Mellom anna peikar dei på problem med store mengder vatn på golvet i garasjane, og skriv at dei anbefaler at sameiget ikkje tek over desse før problemet med overvatn er løyst.

– Det er ikkje så store manglar, men totalt er det for mykje. Vårt hovudankepunkt er at utbyggjar må ordna opp og gjera ferdig fellesområde og klare manglar i enkelte leilegheiter. No vert det utsett og utsett, seier Fossheim.

Sameiget har skaffa seg advokat. Det skjedde etter at fleire kjende seg motarbeidde av utbyggjar.

– Folk seier at dersom dei hadde visst det dei no veit, hadde dei ikkje gått inn i prosjektet, seier Fossheim.

– HO HAR STÅTT på eit skjult basseng på deler av golvet, seier takstmann Hugo Vedaa om Johnstad sitt bad.

Han seier at det sannsynlegvis er lagt membran under det første fliselaget, men den vart øydelagt då ein reiv begge flislaga. Elles er det brukt fliselim under nokre av flisene og silikon under andre.

Vedaa driv eige firma, og peikar på 15 punkt i rapporten han har skrive om Johnstad si leilegheit. Han har òg vore takstmann for fleire av dei andre leilegheitene i sameiget.

– Men dette sameiget er ikkje eit eineståande tilfelle. Eg jobbar med fleire slike saker der me jobbar hardt for å unngå rettssystemet. Konfliktnivået er høgt, seier Vedaa.

Han seier at det er tre grunnar til at det vert slike saker. Det eine er mangel på kompetanse hos prosjekterande og utbyggjar. Det andre er den nye plan— og bygningslova der aktørane er pålagt ansvar, men har dårleg eller ingen dokumentasjon på sine ansvarsområde. Den tredje grunnen er ein heit bustadmarknad der det skal gå fort.

– Mange forbrukarar har ikkje kompetanse i byggjesaker. Det er to ting som er viktig: Spør etter referansar, og ta med deg ein fagmann som kan lesa kontraktar og teikningar, seier Vedaa.

Høvik, Tor
Høvik, Tor