I går blei den 39 år gamle Karmøy-mannen varetektsfengsla i fire veker. Kari Aksdal prøvde å finna tilbake til eit normalt tilvære att heime i Storasletto ved Leirvik på Stord, etter den dramatiske opplevinga kvelden før.

— Han truga med kniv og prøvde å ta kvelartak på meg. Men han roa seg litt då eg snakka til han, seier Kari Aksdal til Bergens Tidende.

Den rusa framandkaren frå Karmøy stod brått inne i stova til den 77 år gamle kvinna då ho såg fjernsyn i 19-tida tysdag.

Presenterte seg

— Eg har aldri sett mannen før, og forstod at han var i rus. Klart eg blei uroleg då han ikkje ville gå, seier Kari Aksdal.

Først etter at ho var halden fanga i over ein time i sin eigen heim kom ho seg unna. Den kraftige inntrengjaren, som hadde presentert seg med fullt namn, låst dørene og slite ut telefonkontakten, hissa seg opp då Kari Aksdal sa at ho ville ringja politiet.

Medan 39-åringen var oppteken med hustelefonen i yttergangen, vrei Aksdal rundt låsen på entrédøra og styrta ut med badesko på føtene. Ho fekk eit lite forsprang og kom seg bort til naboen tvers over vegen. Men gisseltakaren følgde etter, på sokkeleisten og i bar overkropp, og kom heilt på døra til naboen, som varsla politiet. Kort tid etter blei mannen pågripen eit stykke unna.

Inne i huset greidde Kari Aksdal å lura ein stor kniv frå inntrengjaren. Kniven hadde han funne på kjøkenet. Han bad også om pengar og mat. Han forsynte seg ikkje av maten som blei sett fram, men tok imot 500 kroner. Pengane fekk Kari Aksdal att via politiet i går.

- Det enda godt

— Det heile var skremmande. Medan det stod på sa eg til meg sjølv og bad til Gud om at dette enda godt. Og det gjorde det. Eg fekk sova toleg bra natta etter, fortel Kari Aksdal.

— Han må jo straffast for dette. Men eg håpar samstundes at han får orden på livet sitt. Det heile er trist for han, seier Kari Aksdal.

GISSEL I EIGE HUS: Ein desperat og rusa mann tok tysdag kveld Kari Aksdal (77) som gissel inne i hennar eige hus på Stord, men ho greidde til sist å flykta over til naboen.<br/>Foto: OVE OLDERKJÆR