— Eg var kjørt til veggs og psykisk knekt då eg gjekk med på avskil alt første dagen. Men eg var ikkje rusa i teneste, eg braut ikkje åttetimarsregelen, og hadde gode skussmål frå HSD. Likevel er det rusing på jobb og at selskapet stempla meg som tett i pappen som heng ved meg, sa den no arbeidslause kapteinen i Bergen byrett måndag.

Kapteinen med 30 års fartstid i marinen, handelsflåten og HSD har reist sak mot ruteselskapet for å få erklært avskilen ugyldig og for å få erstatning for dei økonomiske tapa han har lidd seinare.

Null-toleranse

HSD Sjø står på sitt, og viser til at kapteinen etter kort tid frivillig valde å seia opp stillinga si, mot at avskilen blei trekt. HSD viser og til null-toleransen i selskapet, som forbyr all oppbevaring og bruk av alkohol om bord i fartøya, som forbyr alkoholdunst av tilsette i teneste, og som tilseier avskil til personar som får positivt utslag på utandingsmålingar.

Det var elles informasjonsleiar Arild Sondre Sekse i HSD som karakteriserte dei promilleinnblanda som «tette i pappen» i eit radiointervju då skandalen var eit faktum fredag 29.august i fjor.

0,05 i promille

Kapteinen har vedgått at han saman med to andre mannskap var med på å drikka øl på kaien på Hufthamar i Austevoll etter at ferja var ferdig i ruta om kvelden 28. august i fjor.

— Det var ein fin seinsommarkveld. Me koste oss på utsida av kaien, ingen av oss var lenger i teneste, ingen var i uniform. Eg var forsiktig med alkoholen då som alltid, sa kapteinen i retten i dag.

Styrmannen hadde kjøpt to sekspakningar med halvliterpils etter vaktslutt i 19-tida. Kapteinen og ein av matrosane spleisa på ølet.

— Det er det same om dei sit på utsida av ferja eller er om bord og drikk. Dei er ramma av nulltoleransen. Dessutan sat dei i eit trafikkert område der mange folk kunne ha observert dei, sa HSD-konsernets personaldirektør Magne Næss i si vitneforklaring i retten.

Teken for promillekøyring

Grunnen til avdekkinga av den såkalla MF «Os» 2-saka er at styrmannen heldt fram festen for seg sjølv utover kvelden, og blei teken for promillekøyring i bil. Kapteinen blei vekt av lensmannen i Austevoll, også han fekk raudt utslag på alkotesten. Blodprøven av kapteinen teken ut på morgonen viste ein promille på 0,05.

Det er fem hundredels promille alkohol for mykje til å bli ramma av HSDs dåverande nullpromilleregel. Kapteinen kunne i retten opplysa at HSD i ettertid, i desember i fjor, justerte nulltoleranseregelen, slik at det er rom for skjønsvurdering dersom blodprøvar av mannskap viser inntil 0,5 promille. 0,5 er gjeldande promillegrense til sjøs, men HSD har valt eit strengare regleverk for å fjerna all tvil blant reisande om alkoholpåverka mannskap.