Sunnhordland tingrett lempar all skuld for feilnavigering og grunnstøyting over på den latviske styrmannen (38).

Dermed slepp kapteinen å betala 10.000 kroner i bot som politiet ila han, og som han nekta å betala. Han får også halda fram i Kopervik Shipping, medan styrmannen i tillegg til å mista jobben må betala 8000 kroner i bot og 5000 kroner i sakskostnader til staten.

— Enkelt farvatn

Retten meiner det må vera lov for ein kaptein å forlata brua ei kort stund - kapteinen hevdar det var max 10 minuttar, politiet meiner 16 - og overlata navigeringa til ein erfaren styrmann i eit såpass enkelt farvatn å styra i som dette.

"Fritind" kom fullasta med stål sørover frå Mo i Rana natt til 25.januar i fjor, gjekk inn Korsfjorden og skulle vidare mot Haugesund gjennom Langenuen. Kapteinen, som lei av magetrøbbel, hadde farleibevis, som kompenserer for losplikta i farvatnet.

"Totalt fraværende"

Alt ved innløpet til Nuen gjekk det gale for 38-åringen som stod åleine på brua. I staden for å svinga babord, heldt tusentonnaren kurs rett mot Sandvikvåg-landet i Fitjar og gjekk opp på Stokkneset.

Kapteinen kom springande opp frå toalettet utan å kunna hindra grunnstøytinga, som resulterte i hol i skipet, men utan skade på mannskap eller last.

Ifølgje den samrøystes dommen i tingretten har styrmannen vore "totalt fraværende når det gjelder navigeringen" og har "på ingen måte opptrådt tilstrekkelig aktsomt".

GIKK PÅ DO - OG PÅ GRUNN: "Fritind" havnet på land i Fitjar.
LENA VERMEDAL