Brøytedramaet byrja i 21-tiden laurdag kveld, fortel operasjonsleiar Atle Jansen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Mannen dreiv og brøyta ved Flatene skule då han plutseleg vart overfalt. Ein person tok seg inn i førarhuset på traktoren og både slo og skalla sjåføren. Deretter stakk overfallsmannen av med traktoren. Han tok med seg kjærasten, og saman køyrde dei av gårde i retning sentrum, seier Jansen.

Politiet la seg på hjul etter det noko uvanlege fluktkøyretøyet. Og det vart litt av ein tur.

– Det var mykje stygg køyring. Traktoren gjekk i grøfta fleire gonger, i tillegg til at den meide ned fleire bosspann med brøyteskuffen, fortel Jansen.

Til slutt vart traktoren stansa ved Handelshuset midt i sentrum. Traktortyven og den kvinnelege passasjeren vart pågripne av politiet.

– Han var tydeleg rusa og er ikkje heilt ukjend for oss fra før, seier Jansen.