Klokka var 03.30 i natt, då politiet på Voss fekk melding om mistenkeleg køyring.

— Det er noko uklart det heile, men vi fann ein bil med to karar i. Dei var ikkje edru, så vi mistenkjer dei for promillekøyring. Det er tatt blodprøve av begge to, fortel lensmann Kåre Rykkje på Voss til bt.no.

Kappa lysstolpe med motorsag Ein lysstolpe med strømførande ledningar og koplingsskap er kappa ned i området.

— Ja, dei har kappa ned ein lysstolpe med motorsag, seier Rykkje.

— Kva var vitsen med det?

— Dersom ein har køyrd borti i ein stolpe og ikkje kjem seg laus, kan det vera grunnen. Bilen har klare skadar som tyder på at den har køyrd i stolpen, forklarar Rykkje.

— Dei har merkelege nattevanar vossingane?

— Nei, desse karane høyrer ikkje til her i bygda. Dei er det vi vossingar kallar bergensarar, fastslår lensmannen.

Bildekket maltraktert Det var i skileikeløypa til idrettslaget Ørnar i Bavallen karane køyrde i lyktestolpen.

-Vi kom på karane medan dei skulle skifta dekk på ein bensinstasjonen på Skulstadmoen klokka 04.30 i natt. Bakdekket på den kvite varebilen dei køyrde var maltraktert. Firmabilen hadde bulk i sida og ei av siderutene var knust, seier politibetjent Henning Hegbom ved Voss lensmannskontor til bt.no.

Hegbom seier at karane som er midt i tjueåra har vore i avhør og har gjeve delvis ulike forklaringar om nattas hendingar. Dei har begge delvis innrømma å ha køyrd med promille. Nokon god forklaring for kvifor dei har saga ned den store lyktestolpen har politiet ikkje fått.

Motorsaggutane kan ha meir å svara for Medan vi snakkar med lensmannsfolka, får dei melding om fleire nattlege hendingar på Voss.

— Voss Jordbruksskule melder at nokon har saga ned eit tre med motorsag på skulen i natt. Kostnadene ved hærverket skal vera på mellom sju og åtte tusen kroner. Det kan henda desse karane har meir å svara for, tenkjer Hegbom høgt.

Bak i den kvite kassebilen, fant politiet, ikkje heilt uventa, ei motorsag.

ARNE HOFSETH (mms)
ARNE HOFSETH (mms)