- Eg har fått litt høgare lønn, så livet er blitt betre dei to siste åra. Men ikkje sei det til nokon, seier ein mann som jobbar i jordbruket. Han er redd for at lønna vert sett ned igjen.

Saman med ein tolk er eg i landsbyen Baijanathpur sør i Nepal på grensa til India. Her bur nokre av dei fire millionar kastelause i landet, dei 14 prosentane av innbyggjarane som står nedst i det hinduistiske kastehierarkiet (sjå faktaramme).

Fattigast i Sør-Asia

Mange frå høgare kastar kvir seg for setje føtene her. Dei kummerlege hyttene med stråtak utan innlagt vann og sanitæranlegg fortel om eit liv i slit i det aller fattigaste landet i Sør-Asia — bak land som Pakistan og Bangladesh.

Nepal er eit av landa som får bistand frå Noreg. Utviklingssamarbeidet starta i 1996. No vil den norske regjeringa kutte i talet på bistandsmottakarar, og la i valkampen vekt på å redusere samarbeid utanfor Afrika radikalt. Det kan truge bistanden til Nepal, som i 2012 fekk 174 millionar kroner frå Noreg. Pengane går mellom anna til å støtte levekåra til dei kastelause.

Kastesystemet har tradisjonelt delt folket i det fjellrike landet inn i grupper der yrke og sosial status går i arv, og er djupt rotfesta i kultur og religiøs tru. Delinga i kastar byggjer på motsetnaden mellom det reine og det ureine. På toppen av hierarkiet finn vi prestekasten, og i den skitne enden er dei kastelause, dei urøyrlege. Dei har tradisjonelt vore knytt til yrke som i hindutradisjonen blir rekna for å vere «ureine» fattigmannsyrke som til dømes gatefeiarar, prostituerte eller husmenn.

Diskrimineringa av dei urøyrlege har opphav i ein tanke om at kontakt med kastelause — fysisk eller via mat og drikke - gjer dei andre ureine. Slik diskriminering vart forbode allereie i 1962, men skjer framleis. Kastelause vert ofte nekta inngang til tempel eller tehus, og lyt bu for seg sjølv i eigne landsbyar.

«Dei som et jordrotter»

Kastelause lev kortare enn andre nepalarar, og færre kan lese eller skrive. Lovverket hindrar ikkje at det er mange døme på diskriminering i skulesystemet. Lærarar neglisjerer kastelause elevar, eller nektar dei å sitje med born frå høgare kastar. Blant den kastelause Musaharklanen (kastenamnet tyder «dei som et jordrotter») er heile ni av ti analfabetar.

Mangel på utdanning gir få alternativ til å halde fram i tradisjonelle yrke. Desse yrka har særs låg løn, og fangar mange i ein vond sirkel av fattigdom og føydale avhengeforhold. Likevel har det skjedd ei utvikling dei siste åra som gir grunn til håp for familiar som i generasjonar har levd på botnen av samfunnet.

Kritikkverdige metodar ...

Under den ti år lange borgarkrigen som byrja i 1996, freista opprørarane i den kommunistiske maoistrøyrsla å samle stønad blant Nepals mange kastelause og urfolk. Alle har kjent seg framandgjort av ein stat og nasjonsbyggingsprosess som har vore dominert av høgkastar.

Maoistane gjekk inn i mange landsbyar og nytta harde botemiddel for å få merksemd om den urøyrlege saka. Metodane var mildt sagt kritikkverdige, likevel gav maoistkampanjen nasjonal merksemd til dei kastelauses byrd.

Under borgarkrigen deltok Noreg aktivt i fredsmeklinga mellom maoistrøyrsla og myndigheitene. Vi støtta også FNs innsats med personell og pengebistand.

... uventa konsekvensar

Men maoistrørslas kamp mot kastediskriminering fekk etter kvart uventa konsekvensar. Kampanjen bana på ironisk vis vegen for at kastelause har vorte i betre stand til å hauste fruktene frå ei gunstig kapitalistisk utvikling.

I kjølvatnet av marknadsreformer på 80-talet fekk Nepal i likskap med India økonomisk vekst. Det har gitt ei monaleg betring i livshøva for den typiske nepalar, jamvel for dei på botnen.

For dei kastelause merkas endringane best i nærleiken av dei meir moderne økonomiane i stor- og småbyar. Sterkare etterspurnad etter ufaglært arbeidskraft trekk til seg mange urøyrlege, som i større byar opplever mindre sosial kontroll og større mogelegheiter. Det er til dømes stort behov for ufaglærte arbeidarar i byggjebransjen. Kastelause som syner dugleik i slikt arbeid kan jamvel få vidare opplæring og bli faglærte handverkarar med betre løn og ny yrkesstoltheit.

Slutt på husmannsliv

Særleg kan ein fabrikkjobb lage ein sti ut av tronge kår. Etter fleire ulukker i sørasiatiske tekstilfabrikkar er vi i Vesten blitt vande med å tenkje på fabrikkar i utviklingsland som stader for utbytting, låg løn og fryktelege arbeidskår. Men for fattigfolk på bygda kan arbeidet gi eit avgjerande steg opp den økonomiske stigen. For ein kastelaus kan ein slik jobb bety slutt på føydal avhenge til den lokale jordeigaren og husmannsliv.

Veksten er ikkje eit gode berre for dei som skaffar seg betre arbeid i den moderne økonomien. Med fleire alternativ og større etterspurnad etter ufaglærte arbeidarar blir også arbeidskrafta til dei kastelause på landsbygda meir verd. Det vert vanskelegare for lokale jordeigarar å stengje dei ute frå resten av arbeidsmarknaden, og dei kastelause får ein styrka posisjon til å forhandle om eiga løn. For ein kastelaus gardsarbeidar kan lønspåslag gi ein ende på feilernæring og høve til å sende borna på skulen.

Drøymer om Malaysia

I landsbyen Baijanathpur møter vi ein kastelaus mann i slutten av 20-åra. Han byrja tidleg å jobbe, sparte pengar og starta ein bar som går så godt at han kunne kjøpe bil. Den vil han selje no.

- Eg treng pengar. Eg vil reise til Malaysia for å jobbe, fortel han.

Rike område i Søraust-Asia og Gulfstatane er nemleg draumen for mange nepalarar, men det er få kastelause som får det til. Føydalismen vil bestå så lenge Nepal er lutfattig. Sjølv med ei gunstig økonomisk utvikling vil det ta generasjonar med utjamning før dei fleste kastelause er på økonomisk og sosial like fot med andre nepalarar.

Langt under sherpaene

Dei kastelause må sjå langt etter levestandarden og statusen til sherpaene, som mange tenkjer på når det er snakk om Nepal.

Sherpaer er rekna som urfolk («janajati») og mellomkaste. Likevel finst det kastelause i sherpalandsbyar. Dei arbeider gjerne i «ureine» fattigmannsyrke som til dø-mes smedar, lærarbeidarar eller gatefeiarar.

Det bur om lag 130.000 sherpaer i Nepal, og dei held gjerne til i landsbyar i om lag 4000 meters høgd.