Dermed vart flypassasjerane frå den kansellerte flyavgangen — som skulle letta like etter ulukkesflyet - ført rett forbi ei slagmark av brannskadde og sjokkerte pasientar, legar og anna helsepersonell.

— Dette er eitt av forholda som me helst skulle sett ikkje hadde skjedd. Passasjerane frå det kansellerte flyet burde ha vore slusa ut ein annan veg, understrekar seksjonssjef Svein Sørensen for plan og beredskap ved fellesoperativ eining i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

— Eg kan ikkje direkte peika på kva som var årsaka, om den var tufta på dårleg vakthald eller misforståingar. Uansett vil me få til eit møte med flyplassleiinga der dette vil stå på dagsorden, slik at organiseringa eventuelt kan ordnast betre i framtida, seier Svein Sørensen.