Storken-jordmor Inger Sofie Johannessen hadde tatt eitt års permisjon for å leie den planlagde fødestova ved Lærdal sjukehus. Men seint søndag kveld fekk ho meldinga frå Helse Førde: Avdelinga skal framleis vere fødeavdeling, ikkje fødestove som planlagt.

Buss heim til Bergen

— Denne vinglinga er svært trist. Eg skulle starte opp ei forsterka fødestove, og må sjølvsagt vite kva modell eg skal styre etter. Da først kan eg starte i denne jobben, seier Johannessen til Bergens Tidende.

I går kveld tok ho bussen tilbake til Bergen, etter ein arbeidsdag i Lærdal som slett ikkje vart som forventa.

Det var søndag ho kom saman med kollega Nina Schmidt, som har erfaring frå fødestove i Alta, for å starte opp det omstridde fødetilbodet ved Lærdal sjukehus. Etter planen skal fødestova drivast med flyborne jordmødrer frå Nord-Norge, etter at dei faste jordmødrene i Lærdal har sagt opp i protest.

— Det er ille både for kvinnene i Indre Sogn og dei tilsette at det ikkje kunne bli ro rundt denne saka. Omlegging til fødestove har gått raskt og greitt andre stader i landet, påpeikar fødestove-forkjempar Nina Schmidt.

Kalde føter

Det var etter at aksjonskomiteen «Forsvar Lærdal sjukehus» søndag sendte ut ei pressemelding som slo fast at ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal ville vere ulovleg, at leiinga i Helse Førde fekk kalde føter. Akjonskomiteen meiner at fødestova ikkje kan startast utan at helseminister Dagfinn Høybråten har gjeve si uttrykkelege godkjenning.

Dermed trakk Helse Førde seg i denne omgang, og har utsett etableringa av den nye tilbodet som inneber at det ikkje lenger er gynekolog på døgnvakt tilknytt avdelinga.

Aksjonskomiteen står fast på at den nye modellen ikkje innfrir dei krava som Helsedepartementet har sett, og gjennomførte i går føremiddag ein ny demonstrasjon utanfor Lærdal sjukehus.

I mellomtida rår uvissa ved det som enno er ei ordinær fødeavdeling ved sjukehuset i Indre Sogn.

Føder andre stader

— Dei fødande melder seg inn fleire veker i forkant, og det er heilt uvisst kva folk vil gjere no. Vi fryktar dei vel å føde på Voss eller i Førde, seier konstituert sjef ved fødeavdelinga i Lærdal. Wenche Lie Lysne.

— Uvissa har slite på oss i heile haust, og no har Helse Førde sytt for at vi må gå enda lenger utan å vite.

Lie Lysne strekar likevel under at avdelinga har fullt forsvarleg bemanning, med gynekolog, kvalifiserte jordmødrer og barnepleiarar på alle vakter. I alle fall fram til veke 10.

Jordmor Mariane Øren er blant dei som sa opp, men var i går innom si gamle avdeling.

— Vi skal ta oss av alle dei som vil føde her i Indre Sogn. Det kan du berre gje klar beskjed om, seier ho ut frå vaktrommet ved avdelinga.

I mellomtida må dei to bergenskvinnene som skulle gå i bresjen for den omstridde omlegginga reise heim med uforretta sak. Men kanskje kjem dei tilbake når Helse Førde har bestemt seg:

— Vi får sjå. Dette er jo noko vi brenn for. Men på den andre sida har vi jo andre omsyn å ta, både privat og på våre faste jobbar, seier dei.

<b>HAR SAGT OPP:</b> Jordmor Marianne Øren sa opp i protest mot omlegginga til fødestove, men var i går tilbake for å forsvare si gamle avdeling.
Oddleiv Apneseth
<b>MED UFORRETTA SAK:</b> Jordmor Inger Sofie Johannessen (til høgre) ved Storken skulle leie oppstarten av den nye fødestova i Lærdal, men måtte reise heim på første arbeidsdag. Nina Schmidt får heller ikkje jobbe.
Oddleiv Apneseth