Jenta vart henta opp frå 22 meters djup på Eitrheimsneset laurdag formiddag, sterkt nedkjølt og medvitslaus. Då hadde ho vore fanga inne i bilen i nesten 50 minutt, etter at faren mista styringa i ein glatt bakke ned mot murkanten og sklei utfor. Toåringen vart frakta til Haukeland sykehus i helikopter og umiddelbart lagt på operasjonsbordet, men døydde av skadene i går kveld.

Skal vere minst 10 cm høg

Staden der ulykka hende ligg inne på anleggs— og kaiområdet til betongblandeverket Høyer Odda AS. Far til jenta er arbeidsformann i bedrifta. Heile området er avstengt for offentleg ferdsel med portar og gjerde. Dagleg leiar Jan Ove Sæd ved Høyer Odda AS stadfestar at kanten der bilen tippa utfor ikkje var sikra.

— Ulykkesstaden ligg på tilkomstvegen bort til sjølve kaien, som ligg litt lengre bort på området. Det fanst inga direkte sikring ut mot sjøen, seier Sæd.

Sikring av kaiområde er regulert gjennom «Forskrift om havnearbeid» frå 1995. I §8 i forskrifta heiter det at kaianlegg skal vere utstyrt blant anna med kaifrontlist. Denne skal vere mellom 10 og 30 cm høg, ifølgje Arbeidstilsynets skriftlege kommentarar til forskrifta.

Brukar jernbaneskinner

— Vi brukar ofte gamle jernbaneskinner til dette, seier hamneingeniør Tor A. Bjerkli i Bergen og Omland Havnevesen. Dei har ansvaret for nesten åtte kilometer med kai i bergensområdet.

— Kva med område som ligg direkte inntil eit kaiområde, som i dette tilfellet?

— Mi heilt klare oppfatning er at alle slike opne kantar ut mot sjøen skal sikrast. Det gjeld alle plassar der det er fare for å køyre direkte i sjøen, seier Bjerkli.

— Det er ikkje gitt at ei slik kaifrontlist vil hindre alle utforkøyringar. Men dei gir i alle fall ein viss sjanse for at bilar stansar før dei hamnar utfor, for eksempel på glatt føre, seier Bjerkli.

Arbeidstilsynet vurderer

Far til jenta hadde i går kveld enno ikkje vore i stand til å snakke med politiet. Han kom fysisk uskadd frå ulykka, men vart behandla for sjokk på sjukehuset i Odda.

Det vil i dag bli tatt stilling til om Arbeidstilsynet skal koplast inn i etterforskinga av ulykka. Det var ikkje drift ved Høyer Odda AS i helga. Spørsmålet blir om far til jenta, som var arbeidsformann i bedrifta, var inne på området i embets medfør den fatale laurdagsformiddagen.

— Dette har vi enno ikkje fått klarlagt, seier dagleg leiar Jan Ove Sæd i Høyer Odda AS.

— Det har ikkje vore kontakt mellom oss og politiet i Odda i helga, men vi kjem til å diskuterere saka i morgon. Vi går berre inn når det har hendt ulykker med arbeidstakarar som er på jobb, sa distriktssjef Eli Bjørklid ved Arbeidstilsynet 8. distrikt i Bergen til BT i går kveld.

Bilen heva i går

Varebilen som den vesle jenta vart redda ut frå, vart søndag formiddag heva. Bilen låg på 22 meters djup, 40-50 meter ut frå kanten. Dykkarar festa stroppar rundt bilen før han vart dratt opp med vinsj og kraner av eit bilbergingsfirma. Bilen skal undersøkast av Biltilsynet.

— Hevinga av bilen tok rundt to timar. Arbeidet gjekk uten problem, seier politiførstebetjent Svein Buer ved politistasjonen i Odda.

— Denne tragiske ulykka har gjort eit djupt inntrykk på alle som har vore med på redningsarbeidet, og i heile lokalmiljøet her, sier Buer.

BILEN HEVET: I går formiddag ble varebilen de to satt i dratt opp av sjøen. Den lå på 22 meters dyp om lag 40-50 meter fra kaikanten.
FOTO: ARVID AGA