• Rundkøyring i tunnell:. – Vi kallar det kantarell, fordi det ser ut som stilken på ein slik sopp, seier Geir Brekke i Statens vegvesen.

    FOTO: Jostein Fjøsne (Statens vegvesen)

Kantarell langt inni eit fjell

Fjellsida ser ut som ein sveitserost, og epleskrotten, som kanskje er ein kantarell, er på plass.

Ingen har påstått at det er ukomplisert å byggja lang hengjebru over Hardangerfjorden.

- Mangt blir verre før det blir betre, trøystar Geir Brekke i Statens vegesen.

Hol i hol
Ei mobilkran har plassert seg på hylla som er utsprengt for fundamentet til det nær 200 meter høge brutårnet på Vallaviksida.

Kranen står rett under den 23 meter høge tunnelmunningen der trafikken i Vallaviktunnelen skal køyra ut på Hardangerbrua. Høgda tilsvarar eit hus på åtte etasjar.

Den meir normale tunnelopninga attmed skal gje tilkomst til brua for syklande og gåande.

Like nedanfor går fylkesvegen mot Djønno og Tjoflot i ein eldre tunnel.

Oppe i lia er det laga to hol for feste av berevaierane som held brua oppe. Spreiekammer kallar ingeniørane det som skal støypast her. Kordane i dei tjukke kablane skal spreiast utover i ein svær betongkloss. Under denne skal dei forankrast i eit forankringskammer. Det skal spengast ut innafrå og blir ikkje synleg. Det vert no arbeidd med å sprengja tilkomsttunnel i spiral opp frå hovudtunnelen.

Epleskrott
Grunnen til åtte vekers stenging av Vallaviktunnelen er arbeidet med rundkøyring inne i fjellet. Herifrå står det att ca. 300 meter av tunnelarmen ut mot brua.

Dessutan skal det spengast tre redningsnisjer og ei snunisje på armen mot Granvin.

Planen er å la midtsirkelen i rundkøyringa bli ståande att som ei fjellsøyle, slik dei har gjort det på andre sida av fjorden.

– Vi kallar det kantarell, fordi det ser ut som stilken på ein slik sopp, seier Geir Brekke.

Men har forståing for at folk ser meir likskap med ein halvgnagd epleskrott, her i fruktdistriktet Hardanger.

Les også

Siste fra Lokalt

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger