Ingen har påstått at det er ukomplisert å byggja lang hengjebru over Hardangerfjorden.

— Mangt blir verre før det blir betre, trøystar Geir Brekke i Statens vegesen.

Hol i hol

Ei mobilkran har plassert seg på hylla som er utsprengt for fundamentet til det nær 200 meter høge brutårnet på Vallaviksida.

Kranen står rett under den 23 meter høge tunnelmunningen der trafikken i Vallaviktunnelen skal køyra ut på Hardangerbrua. Høgda tilsvarar eit hus på åtte etasjar.

Den meir normale tunnelopninga attmed skal gje tilkomst til brua for syklande og gåande.

Like nedanfor går fylkesvegen mot Djønno og Tjoflot i ein eldre tunnel.

Oppe i lia er det laga to hol for feste av berevaierane som held brua oppe. Spreiekammer kallar ingeniørane det som skal støypast her. Kordane i dei tjukke kablane skal spreiast utover i ein svær betongkloss. Under denne skal dei forankrast i eit forankringskammer. Det skal spengast ut innafrå og blir ikkje synleg. Det vert no arbeidd med å sprengja tilkomsttunnel i spiral opp frå hovudtunnelen.

Epleskrott

Grunnen til åtte vekers stenging av Vallaviktunnelen er arbeidet med rundkøyring inne i fjellet. Herifrå står det att ca. 300 meter av tunnelarmen ut mot brua.

Dessutan skal det spengast tre redningsnisjer og ei snunisje på armen mot Granvin.

Planen er å la midtsirkelen i rundkøyringa bli ståande att som ei fjellsøyle, slik dei har gjort det på andre sida av fjorden.

– Vi kallar det kantarell, fordi det ser ut som stilken på ein slik sopp, seier Geir Brekke.

Men har forståing for at folk ser meir likskap med ein halvgnagd epleskrott, her i fruktdistriktet Hardanger.