EYSTEIN RØSSUM

PER MARIFJÆREN

PÅL ANDREAS MÆLAND

Onsdag var 35 personer med i leitinga.

– Vi har no leita i nesten heile elva. Det er berre ein kilometer øvst i elva vi ikkje har gjennomsøkt, men der får vi ikkje leita før vannstanden går ned, seier lensmannen i Gaular, Erik Folland til NTB.

I natt vart arbeidet trappa ned, og gjekk over frå å vere ein redningsaksjon til å bli ein leiteaksjon. Eit nett vart spent opp ved utløpet av Gaularvassdraget ved Osen, der ei vakt heldt utkikk natta igjennom.

— Vi held fram leitinga med noko mindre styrkar i dag, seier lensmann Folland.

Høyrde lydar

Det var bonde Hallvard Hauken (40) og ein granne som først oppdaga at ein kanopadlar hadde gått rundt, i 9-tida måndag kveld. Hauken bur 500 meter frå Haukevatnet, på oppsida av den 30 meter høge Fossfossen, tre kilometer aust for Sande i Sunnfjord.

— Eg stod på tunet i lag med far min og bror min då vi fekk sjå at noko flaut nedover mot fossen. Vi høyrde rare lydar, og skjønte ikkje heilt kva det var. Grannen vår, Olav Holsen, hadde sett det same, og fått fram kikkerten. Han såg at det plaska i vatnet, og forsto kva som var på ferde, fortel Hauken.

Var ti meter unna

Han greip med seg ein redningsbøye frå garasjen, og sprang saman med dei tre andre ned til elva. Hauken og Holsen fekk ut ein plastbåt, og rodde over til andre sida av vatnet.

— Vi våga ikkje å ro bort til han, fordi årekeipane på båten vår rauk. Han låg ved sida av kanoen, og det gjekk fort mot fossen. Vi skjønte at straumen var sterk, og båten vår var ikkje god å styre utan årekeipar, fortel Hauken.

Han og grannen kom seg inn til land, og Hauken vassa med vatn til livet, ut til ein liten holme rett ovanfor fossen. Der stod han då 16-åringen kom drivande.

— Eg kom ganske nær han, kanskje ti meter unna. Eg kasta bøya, men ho var ikkje god å kaste så langt. Eg veit ikkje om han var medviten heller. Det er ei skrekkeleg historie, seier Hauken, som vart hjelpelaust vitne til at 16-åringen for utfor.

Mykje vatn og stri elv

På andre sida hadde faren og broren kome seg på nedsida av fossen.

— Dei såg så vidt i han, så vart han borte, seier Hauken, som fekk varsla politiet på mobiltelefonen rett etter.

Vassføringa i Gaularvassdraget er svært stor, og leitemannskapa måtte vere svært forsiktige i det vanskelege terrenget. Alle var utstyrt med tauverk og redningsvest. Det vart også leitt med dykkarar og frå båtar, og eit helikopter søkte i fire timar - alt utan resultat.

Den sakna 16-åringen, som høyrer heime i Gaular, var utstyrt med flytevest. Kanoen vart funnen på oppsida av fossen, der hadde vorte hengande fast.

UTAN RESULTAT: Folk held utkikk frå ei bru over Gaularvassdraget I heile går tråla store leitemannskap elvebreidda frå Fossfossen og ned til fjorden ved Bygstad i Gaular. Det er mykje vatn i elva, og leitinga var til dels svært vanskeleg.
ODDLEIV APNESETH