Mange av bt.no sine lesarar vil vita korleis det har gått med kaninen som fekk buret sitt øydelagt av ein Volvo. Bilen kom susande gjennom lufta, dytta utfor kanten av ein parkeringsplass av rasmassane.

Vi kan melda at Geiren har det bra. Han vart evakuert til eit ledig hundehus i andre enden av hagen.

Berre Geiren og dei toføtte i to bustadhusa som vart direkte råka av raset, kunne ikkje flytta heim att tysdag. Geiren må venta til matfar Bjørn Senderud får tid til å snikra nytt kaninbur. Det kan ta litt tid, antydar Senderud overfor Bergens Tidende.

EVAKUERT: Kaninen Geir Morten måtte ta til takke med eit ledig hundehus då kaninburet hans vart øydelagt av ein bil som kom susande gjennom lufta. Geiren er den einaste av dei evakuerte som kan sjå fram til flunkande ny heim - med tida.FOTO: ARNE HOFSETH