Av Steinar Hystad

Kandis med tråd i har hatt sin plass i behaldaren på disken sidan Waage-familien overtok butikken på Selsøy i Brandasund i 1922. Pernille Waage, best kjent som "Nillo på Skjeret", styrte stoket i mange år og slutta av si gjerning som ekspeditør først då ho runda 93.

Bjarne Waage overtok formelt i 1962 og er framleis i meir enn fulldags stilling, sjølv om den offisielle pensjonsalderen er passert. Tredje generasjon med Torbjørn Waage i brodden vil føra ei blømande verksemda vidare — og det er sikkert som hengelås at kandisen blir med på lasset. Slik godsakene blei med då landhandelen flytta i nye lokale for ein del år sidan.

Rimeleg og søtt

Brunsukkerklumpane var i mange år så vanleg handelsvare i landet at dei stod på listene til grossistane. Kandis var like kvardagsleg som sirup og mjøl og rosiner og margarin. Ganske rimeleg i pris og god å ha "onde todno" for den som likar søtt. Men tidene skiftar og andre godteri åt seg bokstavleg inn på marknaden, gjerne aller mest på supermarknaden, og brått kom det melding frå grossisten i Bergen om at ein ikkje lenger såg seg mon i å føra kandis. Den generelle interessa var blitt for liten.

— Dette var på den tida mange tykte det var ei nostalgisk oppleving å samkøyra ei vitjing på gamlekrambua med innkjøp av ein spisspose kandis. Saknet av det spesielle snopet vart snart følbart og me sette i gang prosessen med å finna fatt i vara att. Det enda med at Skjeret landhandel overtok importen direkte frå fabrikk i Belgia, fortel Bjarne Waage.

Åtte tonn til alle

Nokon kjempebutikk rekna ein ikkje med at det skulle bli, det var meir for å halda oppe tradisjonen Waagefamilien vart kandisgrossist. Rundt åtte tonn kandis finn vegen til lageret i Brandasund kvart år, derfrå blir det spreidd over kongeriket. Det meste til utsal "på landet", som byfolket seier.

— Seinaste for nokre dagar sidan tikka det inn ei bestilling på 100 kilo til Seljord. Ein heil del vert sendt nord for polarsirkelen og oftast er det handlande på mindre tettstader som er mottakarar. Ser ut for at den historiske kandissusen held seg best på landsbygda, fortel Waage.

Fenomenet kan også ha med det å gjera at det var i ytre delen av fedrelandet folket sjølv lengst måtte komponera væska som skulle i glaset når ein inviterte til festleg lag. Brunsukkeret var til god hjelp når det gjeld smaken og fargen på heimebrygget. Trongen for denne form for distriktsstøtte er naturleg redusert i takt med polet si spreiing av utsalsstader.

Bruk hammar

På Skjeret vert kandis selt for åtte kroner hektoet, halve prisen av lausvekt-smågodtet på Bergen kino, for eksempel. Og det varer heilt sikkert like lenge. Eit tips i så måte kan vera at det er lurt å ha med hammar eller nøtteknekkar eller liknande reiskap til å gje kandisklumpen eit kakk slik at han lydig delar seg. Den detaljen mangla stundevis når ein skulle knaska kandis i veldig gamle gamledagar i Sætesdal. I følgje segnet, vart søtlengten stetta ved at klumpen vart sendt på rundgang....

BJARNE WAAGE og Skjeret landhandel i Brandasund overtok sjølv importen av kandis då den tradisjonsrike søtvara forsvann frå grossistlistene i storbyen.
ARKIVFOTO: ARNE NILSEN