— Det blir oftast Førde, unntaksvis kan det hende Sandane eller Florø. Sogndal er uaktuelt på grunn av dei høge bompengane på Fjærlandsvegen, seier ordføraren.

Frå kommunesenteret i Jølster er det knappe tre kvarter med bil til Nordfjordflyplassen. Til Førde lufthamn går det på under ein time. Reisetida til Haukåsen i Sogndal er ein time og eit kvarter, til Florø eit knapt kvarter lenger.

Lengst vekke av kortbaneflyplassane innan det som må reknast som rimeleg reiseavstand for Jølsterordføraren, ligg Hovden mellom Volda og Ørsta i nabofylket Møre og Romsdal. Sjølv om det inneber to ferjer, er normal reisetid likevel under to timar.

Ufatteleg bra

— Det er ikkje så ofte eg reiser med fly. Billettane med Widerøe er så dyre at vi tenkjer oss vel om og avgrensar reisinga best vi kan, seier ho.

— Folk andre stader i landet har nok ei oppfatning av at vi har rikeleg med kortbaneflyplassar. Og skal vi vere ærlege så har vi eit flyplasstilbod som er ufatteleg bra, seier ordføraren.

Sjølv om det er fire kortbaneflyplassar i Sogn og Fjordane, og ein femte rett nord for fylkesgrensa, ligg flyplassdebatten i fylket stein daud. Bortsett frå lokalavisredaktørar i Sogn og Sunnfjord som på leiarplass i vår blei samde om at to flyplassar fekk vere nok. Semja går ut på at den eine av dei må liggje i Sogndal, den andre i Sunnfjord - og då helst Florø som som har flest reisande, lengst rullebane og best regularitet.

Fleire destinasjonar

Men ikkje ein gong frå Florø er det vilje til å setje fart i debatten om det bør bli færre flyplassar i Sogn og Fjordane. Det er nærast offisiell politikk at florøværingane skal liggje lågt i dette spørsmålet, for ikkje å øydelegge forholdet til Førde. Men næringssjef Eivind Hjellum greier ikkje heilt å dy seg.

— Vi burde etter mitt syn sjå på om det er noko å vinne på å samle trafikk for kanskje å få til fleire ruter og andre ruter og til andre byar i Sør-Noreg, først og fremst Stavanger, men og nordover.

— Førde og Florø har i dag gode og tenlege tilbod både mot Bergen og Oslo, seier Hjellum.

I Jølster har ordførar Gerd Dvergsdal ikkje tru på slike tankar. - Nei, dei siste åra har eg meir og meir mista trua på at det vil vere noko særleg å vinne på å leggje ned enkelte av kortbaneflyplassane.

Terje Ulvedal