Korleis fylkeskommunen skal redde seg ut av knipa, skal politikarane diskutere på ny torsdag i kommande veke.

– Vi ankar ikkje avgjerda frå Sogn tingrett. Men vi treng noko meir tid på å vurdere kva alternativ vi skal gå vidare med. Vi har også behov for å få gjort nokre juridiske avklaringar, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.

Ingen kommentar

Etter ein lang prosess med kontraktsforhandlingar, avgjorde Sogn og Fjordane fylkeskommune rett før jul å gje Fjord1 oppdraget med å drive hurtigbåtsambanda mot Bergen dei kommande åra. Hardaste konkurrenten, Tide Sjø, klaga, og gjekk til slutt til søksmål. I rettssalen vann dei fram. Sogn tingrett konkluderte med at fylkeskommunen har gjort seg skuld i store og alvorlege brot på konkurransereglane, og at tildelinga til Fjord1 sannsynlegvis er ulovleg.

Fylkeskommunen står no i fare for å tape millionar på anbodsutlysinga dei skulle spare store summar på. Avtalen dei ville inngå med Fjord1, skulle redusere tilskotet til hurtigbåtdrifta med 10 millionar kroner på årsbasis. Dei innsparte midlane er alt lagt inn til andre tiltak i budsjettet.

– Tingretten slår fast at fylkeskommunen har gjort klare feil. Tabbane er slik at dei kan få store økonomiske følgjer. Kan dette få konsekvensar for tilsette som har hatt ansvaret for prosessen, Sandal?

– Det vil eg ikkje seie noko om no.

Erstatningskrav

Slik det ser ut no må fylkeskommunen rekne med erstatningskrav same kva løysing dei kjem opp med. Alt før jul varsla styreleiar i Fjord1, Jarle Skartun, i eit intervju med Bergens Tidende søksmål dersom fylkeskommunen snudde seg mot Tide. I så fall rime­leg pikant, sidan Sogn og Fjordane fylkeskommune er hovudeigar i Fjord1. Med den no rettskraftige dommen frå Sogn tingrett i hand, er det lite tvil om at også Tide vil prosedere si sak for domstolane dersom ei avgjerd til sjuande og sist går mot dei.

Ifølgje fylkesordføraren vurderer politikarane no fleire alternativ. Sandal vil ikkje gå inn på kva dette er, men stadfestar at eitt er å nullstille heile prosessen og starte på ny.

I tre stive timar diskuterte fylkesutvalet den omstridde ekspressbåtsaka bak stengde dører i går ettermiddag. Resultatet blei at konkurrentane Fjord1 og Tide enno må vente nokre dagar på utspelet frå fylkeskommunen.

Knallhard kamp

– Dette har blitt ei vanskeleg sak, og det er ei sak eg likar lite. Mitt hovudmål er å kome ut med ei så god løysing som råd for brukarane, seier Sandal.

Kampen om den store hurtigbåtkontrakten viser også kor hardt striden står mellom Tide og Fjord1 om å vere det dominerande transportselskapet på Vestlandet.

Tide har tidlegare sikra seg anbodet på hurtigbåtsambanda på Sunnmøre. Dreg dei også i hamn kontrakten på Sogn og Fjordane-Bergen, vil selskapet ha hurtigbåtmonopol frå Rogaland til Romsdalen.

Kva synest du om hurtigbåt-rotet? Sei di mening under!