— Dette var dårleg nytt. Eg hadde ikkje drøymt om at departementet ville tillata ei utviding slik det var søkt om. No må vi leva med dette i 45 år, seier ein svært skuffa Meland-ordførar Nils Marton Aadland, H.

Kommunen reiste motsegn mot utvidinga på grunn av støy- og støvplager for innbyggjarane i nordre del av Halsnøy. Der er det kort veg over fjorden til Mjølkevikvarden, og både støv og støy er ei plage når vinden kjem frå vest. Og det gjer han som oftast.

— Steinknuseverket er og skjemmande i landskapet. Og dette skal vera innseglinga til nest største byen i Noreg. Skal tru om Miljøverndepartementet hadde gått med på noko slikt i indre Oslofjorden, seier Nils Marton Aadland.

Tømmer nordre Askøy

På Mjølkevikvarden har Kjell Kristensen ei bedrift for fiskeforedling. Kristensen har kjempa mot heile steinknuseverket i lang tid, men innser no at det er lite meir han kan gjera.

— Dette er sterkt beklageleg, og det viser at Askøy kommune sin politikk går ut på å tømma nordre Askøy for folk og arbeidsplassar, seier Kristensen.

I si grunngjeving for å avvisa klagene tek Miljøverndepartementet opp att argumenta til Fylkesmannen i Hordaland; at det er nær uråd å finna område for masseuttak og pukkverkdrift utan negative konsekvensar for interesser i nærområdet. Og dei viser til at transport sjøvegen reduserer miljøbelastninga knytt til transport.

Asfalt og betong

Steinknuseverket på Mjølkevikvarden tilhøyrer det tyske selskapet Norstone. Driftsleiar Kai Midtøy er nøgd med avklaringa. Han opplyser at før utvidinga skal det lagast ei konsekvensutgreiing. Så må det utarbeidast detaljerte vilkår for drift med tanke på miljø og omsyn til naboane. Midtøy seier til BT at han gjerne tar ein dialog med kritikarane for å finna fram til driftsformer som kan godtakast.

— Eg kan trøysta Meland kommune med at det vil stå att ein 25 meter høg vegg med naturleg fjell langs sjøen der vi skal utvida. Ingen i Meland vil sjå noko, seier Kai Midtøy.

Han opplyser at 80 prosent av produksjonen går til betong og asfalt i Hordaland. I tillegg leverer dei til dekkjelegging av kablar i Nordsjøen og pukk til jernbanevegar.

Kva synest du om løyvet til steinknuseverket? Sei di meining i feltet under!

HELGE SUNDE