Makrellstørja kan verte over tre meter lang. Den største som er fanga vegde 684 kilo.
WILD WONDERS OF EUROPE

— Dette er ikkje kvardagskost. Siste gong vi fiska var i 1982. Det vert skikkeleg spennande, seier Tore Hillersøy som er dagleg leiar i Brødrene Hillersøy på Bulandet i Sunnfjord. Sidan 1998 har det vore forbod mot å fiska den eksklusive tunfiskarten i Noreg. No får altså ein båt driva forsøksfiske og rederiet Hillersøy kapra det eksklusive løyvet. I Japan har er enkeltfiskar selde for ti millionar kroner. Det trur ikkje Hillersøy vert tilfelle for deira del.- Men vi skal sikra høg kvalitet. For å oppnå ein god pris kan fisken ikkje ha slagmerker etter handteringa. Den tåler heller å ikkje å dragast på dekk. Størja må behandlast som eit spedbarn, seier Tore Hillersøy.

Nok til julefeiring

Han ventar at fisken dei får har ei vekt på 150-250 kilo. Det er japanarane som betalar mest. Prisen på importert fisk har dei siste tre månadene vore på 240 kroner kiloen, ifølgje Kystmagasinet.no. Det betyr 60.000 kroner for ein 250 kilos rugg. Kvoten dei har fått tildelt er knappe 31 tonn. Med same pris vert det sju millionar kroner om MS «Hillersøy» får full pott.

— Og dette vert de rike av?

— He, he, ikkje det første året. Men fyllest kvoten til ein god pris, kan vi nok feire jul, seier Hillersøy som har vore med på størjeeventyret tidlegere.

— Eg hadde nesten mista trua på at vi skulle få sjansen på nytt. Det er eit utruleg spennande fiske, og en spesiell fisk. Det vert artig å forsøka.

Brukar gluggene

Fisket skjer med snurpebåt og det må haldast utkikk frå tønne for å finna stimane. Røynde fiskarar meiner at makrellstørja heldt seg i nokså grunne farvatn. Tore Hillersøy forklarar at der «rotar» ho rundt for å skaffa seg føde. Men superfisken er ikkje nødvendigvis lett å finna.— Vi må bruka dei to gluggene vi har fått utlevert. Stundom kan du sjå på lang avstand at fisken plaskar. Andre gonger «stripar» ho med uggen i overflata. Det må haldast utkikk heile tida, seier Tore Hillersøy.

— Er du i tønna sjølv?

— Ja, eg er ikkje så kroksen at eg ikkje kan gjere det. Fem av oss har vore med på størjefiske tidlegare. Sonen min har ikkje opplevd dette før, men han ser så godt at han vil ta dette når han veit kva han skal sjå etter.

Kan få 140-150 fisk

På 1950-talet vart det henta opp store fangster av den spektakulære fisken. På det meste 11500 tonn årleg. Sidan har det gått nedover, men i 1998 vart makrellstørja observert i våre farvatn på nytt. Den siste norske fangsten hadde ei snittvekt per fisk på 362 kilo.

— Om vi får så store trur eg ikkje. Nokon hadde sett fisk i fjor og tatt ein inn på dekk som vegde 150 kilo. Før dei slapp fiskane ut av nota meinte dei å sjå fisk som kunne vore 250 kilo.

Hillersøy forklarar at båten kan ta 140-150 størjer i eitt kast om det klaffar. Slikt vert det mest problem av. Hans ønskje er 7-8 størjer om dagen.

— Ut over at fisken må behandlast varleg, må den og kjølast raskt ned. Deretter skal det vere kapasitet til å få eksportert den. Det vert vanskeleg med mange fiskar, sier Tore Hillersøy.

Gamal draum

No skal rederiet bruke tida til å få på plass ein sikker måte for å eksportera makrellstørja til Japan, uten at den misser kvalitet. Fisket vil dei starta i slutten av august. Det er ikkje kostnadsfritt.

— Først betalar vi 100.000 for å starta fangsten, deretter lønar vi ein internasjonal observatør som er ombord mens fisket gjeng føre seg. Han kostar 2000 kroner dagen. Makrellstørja må leitast opp, difor går det og meir drivstoff enn vanleg, seier Tore Hillersøy.

— Så vinninga gjeng opp i spinninga ?

— Ein veit jo ikkje kor mykje vi endar med. Same kva er dette ein draum. Det er meir enn nok for ein gamal fiskar at den vert røyndom.